Fann feil og manglar

Både mangellapp og bruksforbod var resultatet då Statens vegvesen gjennomførte ein køyretøykontroll i Vindafjord på dagtid tysdag. I alt 13 køyretøy blei tatt under lupa av kontrollørane. Resultatet blei tre køyretøy med manglar på blant anna lys, bremser og karosseri, samt to bruksforbod for manglande lastsikring og feil på bremser og lys. Ingen blei anmeldt, med det blei skrive ut eitt gebyr for manglande vognkort.