UP gjennomførte ein fartskontroll i 60-sona på E134 i Isvik tysdag kveld. Som vanleg er mange bilistar for harde på gassen på denne strekkja, og denne gongen resulterte kontrollen i elleve forenkla førelegg. Ein tolvte sjåfør fekk lappen inndrege og blei anmeldt etter å ha blitt målt til ein fart på 89 km/t, melder Sør-Vest politidistrikt.