Vindafjord kommune kom langt ned på lista i Norsk presseforbund sin openheitsindeks.
ARKIVFOTO
Urovekkjande smitteauke i Vindafjord den siste tida. 
Arkivfoto
Vindafjord rådhus. ARKIVFOTO

Spenning på rådhuset i Ølen og Etne

Klokka 20 stengte dei ti vallokala i Vindafjord og Etne. Når klokka passerer 21 vil dei første resultata koma.

 

Grannar er til stades med journalist både i rådhuset i Ølen der toppkandidatane i Vindafjord er samla, og på tinghuset i Etne. Så snart resultata kjem, blir dei lagt ut på grannar.no.

I Vindafjord er Sp storfavoritt til å vinna valet. Partiet med ordførar Ole Johan Vierdal i spissen, fekk 40 prosent oppslutning for fire år sidan, og to meiningsmålingar i Grannar viser at oppslutninga ikkje har minka.

Siste måling blei gjort for éin månad sidan, og det er ei viss spenning om vindpark-saka vil ta veljarar frå partiet. I formannskapet onsdag i førre veka kom det fram at Sp sa ja til å opna for omstridde vindmøller. Men alle odds tilseier at Vierdal går på sin tredje periode som ordførar.

I Vindafjord er det elles duka for eit val utan Venstre og med nykomaren Miljøpartiet Dei Grøne. MDG ligg an til å få éin eller to av dei 25 mandata i kommunestyret. Det er også spenning om Høgre og Ap, som begge har nye ordførar-kandidatar, kan gjera eit betre val enn målingane har vist.

Også i Etne er det venta at Sp blir valvinnar. På siste måling i regi av Grannar hadde partiet sju av 17 mandat i kommunestyret og kan greia seg med eitt støtteparti for å sikra ordføraren. Det vil i tilfelle bety at Siri Klokkerstuen (Ap) må gi frå seg toppvervet til Mette Heidi B. Ekrheim.

For fire år sidan fekk Sp 30,2 prosent av røystene i Etne kommune, medan Ap oppnådde 22,4 prosent. Likevel var det Ap som kom i posisjon med ein allianse saman med KrF og Frp. Eit sik samarbeid verkar uaktuelt etter dette valet.