Maryna Novik tok førre helg ein suveren siger i det 11 kilometer lange løpet Langs Åkrafrjorden. Denne helga kunne ho jubla for NM-søv.
Foto: Anita Haugland
Maryna Novik tok førre helg ein suveren siger i det 11 kilometer lange løpet Langs Åkrafrjorden. Denne helga kunne ho jubla for NM-søv. Foto: Anita Haugland

Tok sølv i maraton-NM

Veteranen Maryna Novik (37) sprang sitt livs raskaste maratonløp og sikra sølv under senior-NM. I konkurransen som gjekk under vanskelege forhold med ti sekundmeter vind, i Stavanger laurdag, blei den lettbeinte vindafjordingen klokka inn til 2,53,02, melder langrenn.com. Novik var snautt to minuttar bak vinnaren i kvinneklassen, Marthe Katrine Myhre, Lillehammer IF, som er ein merittert toppløpar. Ho fekk tida 2.51.06. Anne Aarrestad, Stavanger Friidrettsklubb, tok bronsen, men nesten 15 minuttar bak Novik. Laurdagens bragd er den beste NM-plasseringa nokon gong for IF Klypetussen, som blei stifta i 1982.