branntips.no

Branntips.no – ny nasjonal nettside

Ber om hjelp til brannførebygging

Hjelp oss å førebygga brann! Oppmodinga kjem frå branningeniør Sigbjørn Toskedal i Haugaland brann og redning IKS.

På ei ny nasjonal nettside, branntips.no, kan du nå legga inn ei bekymringsmelding. Meldinga går til ditt lokale brannvesen. Varselet blir behandla i tråd med kommunen sine retningslinjer for innkome saker. Varslaren må oppgi opplysningar om seg sjølv, slik at det lokale brannvesenet kan ta kontakt for eventuelle spørsmål, men dine kontaktopplysningar blir ikkje delt med andre utan samtykke.

Branntips.no kan nyttast om du er bekymra for din eller andre sin brannsikkerheit, eller om du har oppdaga eit brannfarleg forhold og ønskjer å melda frå.

— Saman kan me unngå at brannar oppstår og potensielt redde liv, seier Toskedal.