Også i dag er det omlasting av pasientar i Ølen, og Sauda kommune fryktar at det blir endå meir av det når den ekstra dagbilen er tatt ut av drift.
Illustrasjonsfoto

Sprang rundt full av blod

Politiet fekk like over midnatt natt til sundag melding om ein blodig mann som sprang rundt i Etne. Patruljen som blei sendt til staden, fekk kontakt med den skadde, ein 18 år gamal gut. Ambulansefolk på staden tok seg av guten som blødde frå sår på handa. Sør-Vest politidistrikt som melder om hendinga, har førebels inga forklaring om kva som har skjedd.