88-19-opheim parkeringsplass

Sjekk vêr og føre via web-kamera

Nå kan du sjekka vinterføret på starten av løypenettet via ein digital link. I heile helga er det også gratis parkering på Opheim.

Friluftsrådet Vest har nyleg montert web-kamera på Opheim i Ølen som viser starten på turvegen innover mot Fjellstøl skianlegg i Sandeid og Olalia.

— Med dette er det web-kameraet både på Opheim og Fjellstøl slik at folk kan få god oversikt over ski- og vêrforholda når dei planlegg å ta seg ein tur ut i naturen, seier Knut-Arild Sørensen, informasjonsansvarleg i Friluftsrådet Vest.

Han fortel at servicebygget med varmestove og toalett på parkeringsplassen på Opheim står ope, og det er lys langs turvegane mellom Opheim og Fjellstøl fram til klokka 23.00 kvar dag.

Leiar i Friluftsrådet Vest, Oddvin Øvernes kan også glede turfoloket som nyttar Opheim som utgangspunkt, at det er gratis parkering i heile helga. Tilbodet er Friluftsrådet sitt svar på «Black Friday»-kampanjen.

— Det er meldt sol og fint vêr heile helga. Om skiføret lar venta på seg, er dette eit flott turområde på barmark også. Det er rasteplassar langs lysløypa og me har sett ut bålpanner som kan brukast til å lage mat på, seier Øvernes og minnar om at folk må ha med seg ved og må ta med søppelet heim.

Også på Fjellstøl på Sandeid-sida er det ope dør og toalett.

Du finn link til web-kameraet på Friluftsrådet sine nettsider: www.frivest.no.