Siste ord er lang frå sagt om nedlegginga av Vats barnehage. I morgon er det ein interpellasjon frå Bjoa bygdeliste med forslag om å instruere rådmannen til å ta nedlegging av Vats barnehage ut av budsjettforslaget han la fram 29. oktober. 
Foto: Jon Edvardsen
Pedagogane i Vats barnehage kjem i dette innlegget med ei kraftig bøn til politikarane i Vindafjord om å droppa nedlegging av barnehagen når budsjettet for 2020 skal behandlast.
Arkivfoto: Jon Edvarden
Vats barnehage skal etter planen bli lagt ned i august. Arkivfoto: Jon Edvarden

Mange grunnar for å behalde Vats barnehage

Rådmannen har lagt fram eit forslag om å legge ned Vats barnehage hausten 2020, noko som påverkar tilsette, barn og føresette i stor grad. Det har også betydning for bygda.

Dette forslaget kjem eitt år før det skal leggast fram ein ny barnehage – og skulebrusplan. Denne skal danne grunnlag for framtidig standard og struktur for barnehagane og skulane i kommunen. I forslaget til rådmannen er det pga av kommunen sine store økonomiske utfordringar, at barnehagen blir vurdert lagt ned. Dette gir inntrykk av at forslaget blir lagt fram i all hast, for å skaffe pengar fort. Me stiller oss derfor kritiske til kor gjennomtenkt dette er, og kor mange faktorar som er tatt stilling til på førehand.

I avisa stod det at det er tomme avdelingar i Skjold. Etter det me forstår er det berre éin avdeling som er ledig. Er det feil informasjon i forslaget? Me kjenner oss utrygge på om barna vil bli godt ivaretatt i denne prosessen. Kor skal dei plasserast? Vårt inntrykk er at verken Skjold eller den private barnehagen i Nedre Vats har kapasitet til alle barna. Sandeid, Vågen og Ølensjøen sine barnehagar er fulle. I år er det fødd over 20 barn i Skjold, kva skjer når desse treng barnehageplass? Barnetalet i Vats er varierande, men ingen veit kva som vil skje om få år. Me ønskjer heller ikkje å splitte barna, då vennskapsband blir danna i tidleg alder, og vil vera gode å ha i overgangen frå barnehage til skule.

Det vart òg lagt fram at bygget må seljast for å gi innsparingseffekt på vedlikehald. Kva om dei legg ned barnehagen og blir ståande med eit tomt/ bygg dei ikkje får seld. Eit bygg som då kun er ei utgift, medan kommunen bruker pengar for å betale for barnehageplassar i privat barnehage. Er Vats barnehage verkeleg i så dårleg forfatning? Skil det seg eigentleg ut frå andre eldre bygg i kommunen i så stor grad? Ein har ikkje hatt synfaring og kan ikkje svare på faktiske utgifter. Det er brukt minimalt med pengar på vedlikehald av bygget, til tross for at utfordringane til bygget ikkje er nye.

Om kommunen har store økonomiske problem, må vanskelege avgjersler takast. Men store avgjerder bør ikkje takast i desperasjon/hast. Gi oss ein sjanse til å koma med svar på dei økonomiske utfordringane Vats barnehage har. Barnehagen har gått i pluss på budsjettet i fleire år og har ønskt å bruke pengar på vedlikehald. Men har fått beskjed om at dette høyrer til eit anna budsjett. Me er og villige til å ta del i å få ned vedlikehaldsutgifter:

  • Vil det redusere driftskostnadar å stenge av delar av bygget? Staum/ vask?
  • Kalle inn til dugnad?
  • Kan me tenkje på lokale til ny barnehage samtidig med bygging av ny Vindafjordhall?
  • Å samle barnehage, skule og symjehall kan vera eit pluss?

Fordelar ved å behalde Vats barnehage:

  • Vats barnehage ligg sentralt til. Me har plass til barn i frå nabobygdene, dette har me alt gjort i mange år.
  • Kort avstand til E134
  • Me har fantastisk flott uteområde som vart ferdigstilt i 2012, der føresette gjorde ein fantastisk dugnadsjobb.
  • Me har flotte turområder og vatn i nærleiken. Ifølgje rammeplanen skal barnehagen bidra til at barna oppleve tilhørigheit til nærmiljøet. Korleis vil ein løyse dette?
  • Barnehagen har stabile tilsette, og har gjennom mange år danna eit godt fagleg miljø.
  • Barna har utvikla gode relasjonar til dei vaksne og til kvarandre. Stabile relasjonar er viktig for ein trygg og god barndom. Dei minste bruker tid på å tilvenning, og treng tid på å skape gode og trygge relasjonar. Kva er konsekvensen for barna når barnehagen blir nedlagt?
  • Ifølgje barnehagelova §2a pliktar ein seg til å samarbeide med skulen om overgang barnehage – skule. Vats barehage har nå fått til eit godt samarbeid med Vats skule med både besøk og overføringssamtalar. Korleis skal ein få til eit godt samarbeid og god overgang når barna går i barnehage i ei anna bygd, og kanskje opptil fleire ulike bygder.
  • Vats barnehage er ein barnehage som har hatt god plass, me har tatt imot barn frå andre bygder. Me har hatt rom til avdelingar frå andre barnehagar når desse har hatt behov. Me har kontor for spesialpedagogane i kommunen i barnehagen. Me er ein barnehage som stillar opp.

Kjære politikarar

  • Tenk på barna
  • Tenk langsiktig
  • Tenk konsekvensar og ringverknadar
  • Hugs dei levande bygdene
  • Inviter til tilflytting, ikkje frist til fråflytting
  • Hugs «graset er grønast i Vindafjord»

Kva tenar det eigentleg på å vente eit lite år før de tek eit val? La Vats barnehage vere ein del av den større samanhengen når avgjersla skal bli tatt. Vent på barnehage- og skulebruksplanen 2020.

Me synest me fortener det!

Pedagogane i Vats barnehage:
Anne Jorunn Apeland
Bente Tyssebotn Eikesdal
Mona Hegerland
Randi Lea-Koltveit
Wenche Ræstad
Tove Ohm