Det var mange som møtte opp i Tinghusparken i Etne torsdag for å gå rundt juletreet. Etne skulekorps spela til julesongane Foto: Grethe Hopland Ravn
I rei rekkje Grannar-bygder er det julegateopning denne veka, både torsdag, fredag og laurdag. Her frå arrangement i 2017. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

Tid for å tenna julegrana

I dag og i morgon, fredag, skal julegrana tennast i Ølen og Etne, medan Skånevik ventar til laurdag med å sparka jula i gang.

Søndag er første adventsdag, og skal ein ta butikkane i nærare augesyn er det julestemning å spora over heile linja. No skal også julegrana tennast i handelssentra, først i Ølen og i deretter i Etne.

Laurdag ettermiddag inviterer Skånevik folk til å besøka julebygda. Her blir det opning av peparkakebygda og tenning av julegrana med juletregang, tonar frå Skånevik musikklag og truleg nissebesøk.

Og i år ser det ut til at vêrgudane også glimtar til med litt godvilje. Torsdag er det meldt om lettskya opphaldsvêr, tre plussgrader og laber bris frå nord-vest. Fredag blir det enda betre, med strålande sol heile dagen, tre grader, og svak vind. Dermed kan paraplyar og sure miner leggjast på hylla dette året.

Opning av peparkakebygd

Både i Ølen og i Etne blir folk oppmoda om å finna fram nissehua, og torsdag blir det først tømming av sparebøsser i SR-banken. Deretter blir det opning av peparkakebygda, og her får ein høve til å ta bilde saman med nissefar. Så skal det arrangerast tog frå Ølen senter til Byggmix, der det blir juletregang rundt ei nytent gran. Og kven veit? Kan hende nissefar dukkar opp også her?

Julenisse med hest og kjerre

Fredag blir det tenning av julegrana i Etne, og her vil ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) halda tale. Skulekorpset vil spela, mens alle får vera med å gå rundt juletreet for å syngja julesongar. Ryktet seier at julenissen kjem på besøk også til Etne, og denne kvelden kjem han med hest og kjerre. Han har lova ei overrasking til alle barna, og i Etne senter blir det loddtrekking av adventskalenderen, der ein heldig vinnar stikk av med heile potten.

Også Etne Sparebank arrangerer sparebøssedag med førjulskos, det skjer i ettermiddag. Her deltar speidarane med utdeling av gratis pøser, jus og kakemenn.