Illustrasjonsbilde
Illustrasjonsbilde

Ulykkesbil var dårleg skodd

Ein bilførar i midten av 20-åra fekk eit ublidt møte med autovernet på Sandeidvegen natt til onsdag. Politiet melder at det var glatt vegbane på staden, og at bilen hadde tre piggdekk utan piggar og eitt sommardekk. Kvinna bak rattet blei ikkje skadd, men blei tatt hand om av helsepersonell på staden. Ulykka skjedde like før kl 02.00. Det er Sør-Vest politidistrikt som melder dette.