To politipatruljer rykte ut tysdag ettermiddag, då ein person følte seg trua av ein anna person i bygda. 
Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsbilde

Kollisjon på E134 i Skjold

To personar blei frakta til sjukehus og éin sjåfør blei fråtatt lappen etter ein kollisjon på E134 ved Ersland i Skjold seint måndag føremiddag. Det var to personbilar involvert i kollisjonen og situasjonen oppstod fordi den eine sjåføren føre tok ei u-sving på europavegen. Dette resulterte i at køyretøyet blei treft av ein møtande bil.

Den ulogiske manøvreringa resulterte i at personen bak rattete fekk førarkortet beslaglagt. To personar i den andre bilen er frakta til sjukehus. Sør-Vest politidistrikt kan førebels ikkje seia noko om skadeomfanget.

Det var trafikale vanskar og manuell dirigering ei stund etter trafikkulykka.