Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Kvinne omkom etter påkøyrsel

Brannvesenet, 110 Sør-Vest melder på Twitter onsdag kl. 11.15 om ei trafikkulykke på Fv. 4752, Movegen i Vikedalsdalen. Alle naudetatar er på veg til ulykkestaden. Sør-Vest politidistrikt opplyser at meldinga går ut på at ein person er påkøyrt av bil. Politiet er førebels ikkje framme og kjem attende med oppdatering.

Siste frå politiet: — Personen som er påkøyrd er erklært død av lege. Pårørande er på staden. Det blir jobba med å få oversikt over kva som har hendt. Bilførar blir avhøyrt av politiet. Kriminal teknikarar og Ulykkesgruppa til Vegvesenet er på veg til staden.

Personen som er påkøyrd er ei kvinne i 80-årsalderen. Bilføraren, ei kvinne i 50-årene, er avhøyrt av politiet. Ho er svært prega av hendinga. Bilførar var åleine i bilen.

Fartsgrensa på ulykkesstaden er 80 km/t. Politiet opplyser at det ikkje var glatt på vegen då ulykka skjedde. Påkøyrselen nær ein bakketopp og ikkje på ei rett strekning.