— Det er ein solid kabal som skal gå opp, dette her!
SKL har stor aktivitet i Litledalen og Hardeland, her frå bygginga av nye Løkjelsvatn kraftstasjon. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Brann i tunnel

Operasjonssentralen i Sør-Vest melder onsdag ettermiddag om brann i ein tunnel som er under bygging på Hardeland i Etne, der SKL er i gang med ei større kraftutbygging som denne tunnelen er ein del av.

Det blir opplyst at tre arbeidarar var inne i tunnelen då det byrja å brenna. Dei er ute av tunnelen og har fått i seg ein del røyk og vil bli undersøkt av helsepersonell, melder operasjonsleiar. 

Tunnelen ligg i sørenden av Hårlandsvatnet, og det brenn i ein trafo som ligg rundt éin kilometer inne i tunnelen.

Siste frå politiet:

Arbeidarane er undersøkte av ambulansepersonell og dimittert. Straumen er kutta som følgje av brannen. Sunnhordland Kraftlag jobbar med alternativ straum til berørte hus. Ettersom det ikkje er fare for folk har brannmannskapa endå ikkje tatt seg inn i tunnelen.