Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Gjekk til angrep på eit par

Operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt melder om ei valdshending som skal ha funne stad ved Vikedal båthamn i 22.30-tida fredag kveld. Ein svært rusa mann i 50-åra er sett i arrest etter at han skal ha gått til angrep på ei kvinne og ein mann. Bakgrunnen skal vera ein krangel om ein hund.

Dei to fornærma er tilsynelatande ikkje alvorleg skadd og fekk reisa heim etter ein sjekk på legevakta. Saka blir meldt til politiet, som ikkje fekk avhøyrt mistenkte same kveld. Til det var mannen i 50-åra alt for alkoholpåverka.