Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Køyrde rett i fjellveggen

Klokka 02.40 natt til søndag fekk operasjonssentralen inn melding om ein bil som hadde kjørt rett inn i ein fjellvegg på E134 like ved krysset Aurdalsvegen i Øvre Vats. Politi og ambulanse rykte ut til staden, og dei to personane som var i bilen blei tatt med av ambulanse for observasjon. Årsaka til ulukka er truleg at sjåføren av bilen har svinga unna hjort i vegbanen, og dermed køyrt rett i fjellveggen, melder operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt.