Finansminister Jan Tore Sanner gjorde greie for den nye kontantstøtte for kriseramma verksemder fredag morgon.
FOTO: Skjermdump/NRK
Finansminister Jan Tore Sanner gjorde greie for den nye kontantstøtte for kriseramma verksemder fredag morgon. FOTO: Skjermdump/NRK

Kontantstøtte til verksemder i krise

Staten vil dekke delar av dei løpande kostnadane til korona-ramma verksemder i minst to månader.

Det opplyste finansminister Jan Tore Sanner (H) og næringsminister Iselin Nybø (H) på ein pressekonferanse fredag morgon.

— Dette er ei kontantstøtte til verksemdene som er hardast råka av krisa, seier Sanner.

20 milliardar i månaden

Ordninga, som vil koste staten inntil 20 milliardar kroner i månaden, vil i første omgang vare i to månader.

— Men den vil bli forlenga om det er behov for det, sa Sanner.

Ordninga kjem i tillegg til allereie innførte ordningar med avgiftslette, utsetting av skatt og statlege låneordningar.

Dekker ikkje alt

Detaljar knytt til avgrensing og andre reglar er ikkje på plass, men finansministeren opplyste at verksemder som måtte stengje ned over natt grunna pålegg frå myndigheitene, vil få ein større kompensasjon enn andre.

Det er også klart at staten ikkje dekkjer alt.

— Det er viktig at heile verdikjeda er med på denne dugnaden, og me er glade for at me allereie får signal frå utleigarar at dei vil lempe på husleiga, sa Nybø.

Detaljane i ordninga skal vere klare om éi veke, og regjeringa samarbeider med interesseorganisasjonane NHO, Virke, LO og Finans Noreg om dette. Sistnemnde seier at dei tekniske løysingane vil vere på plass i løpet av to til tre veker.

Kontrollerbart

Staten vil stille krav om at dei friske midlane staten går inn skal brukast til å dekke faste kostnadar som til dømes husleige og forsikringskostnadar. Med andre ord dei faste utgiftene som kjem sjølv om verksemda har permittert tilsette og låst dørene som følgje av koronakrisa.

— Det skal bli ei effektiv løysing, den skal famne breitt og verke rask. Verksemdene skal søke støtte gjennom ei felles digital plattform og pengane blir utbetalt rett på konto.

Det skal også vere enkelt å kontrollere at pengane staten går inn med blir brukt i høve til krava myndigheitene set, og verksemdene vil stå ansvarlege for at dei etterlever dette.

— Me trur at ordninga vil føre til at me unngå unødige konkursar som følgje av koronaviruset. Den vil trygge arbeidsplassar og syte for at folk har ein jobb å gå til når denne situasjonen er over, sa Sanner.

— Heilt naudsynt

NHO-sjef Ole Erik Almlid sa at ordninga er avgjerande å få på plass.

— Denne ordninga er heilt naudsynt å få på plass, sa han og viser til at det nå er meir enn 300.000 arbeidstakarar som er ledige som følgje av krisa, og at talet vil bli verre.

Han oppmoda samtidig verksemder som kan om å framleis bestille tenester hos sin leverandørar.

— Dette er ein dugnad me alle må ta ansvar for, sa han.