Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Motorsyklist omkom i Skjold

Motorsyklisten som køyrde av vegen i Skjold seint torsdag ettermiddag, omkom. Det opplyser operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit ved Sør-Vest politidistrikt.

MC-føraren var ein mann i slutten av 40-årsalderen.

— Vedkommande er stadfesta omkome av lege på staden. Pårørande er varsla. Det var ingen passasjerar på motorsykkelen, opplyser Ragnhildstveit.

Naudetatane rykte ut til Skjold etter at det torsdag kl. 18.06 kom inn melding om ein motorsyklist som har køyrt av vegen. Politiet opplyser i den første meldinga om at skadeomfanget er ukjent, og noko seinare om at det pågår livreddande førstehjelp på staden, Kjervamyra på Solheimsvegen i Skjold.

Det var ingen andre køyretøy involvert i ulykka. Vegen, ikkje langt frå friluftsområdet Otertong ved Skjoldafjorden, er førebels sperra, opplyser Sør-Vest politidistrikt rundt kl.18.30.

Det siste frå politiet går ut på av vegen vil vera stengt i ei tid framover i påvente av undersøkingar på ulykkkesstaden. Omkøyring er skilta.