Åkrafjordtunnelen på E134 er stengd. 

Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Åkrafjordtunnelen på E134 er stengd. Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen

Røyk stengde tunnelen

Klokka 18.32 fekk politiet melding om røykutvikling i Åkrafjordtunnelen på E134 retning aust.

Tunnelen er stengd, og nødetatane er på vei mot staden, melde Politiet i Sør-Vest på Twitter rundt kl. 18.45.

110SorVest melde at mannskap frå Etne, Skånevik og Odda rykker ut.

— Me fekk melding frå Vegtrafikksentralen om at bilistar hadde observert mykje røyk ut av tunnelen. Per no er me på utsida av tunnelen, seier Ruben Bøe Thomsen, vaktleiar i Rogaland brann og redning, til Grannar kl 18.58.

Oppdatert:

19.05 var tunnelen gjennomgått utan at det var noko brann som var årsak til røyken, melder operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.

Kl 19.20 var tunnelen open for normal ferdsel.