Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Køyrde av vegen og velta

Ein mann i byrjinga av 20-åra måtte ha helsehjelp etter at bilen han køyrde, hamna utfor vegen og velta på Fikse natt til tysdag.

Ukjend årsak

Bilen skal ha velta etter å ha treft ein stein.

— Steinen låg utanfor vegbanen, opplyser konstituert lensmann Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lenmannskontor tysdag føremiddag.

Det er uklart kvifor bilen har kome utafor vegbanen. Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand, og sjåføren skal ifølgje eiga forklaring ha vore våken då hendinga skjedda.

Politiet har oppretta sak etter hendinga.

Ukjent skadeomfang

Sjåføren, som er frå Haugesund, var ved bevissheit då han blei tatt hand om, og vart ifølge vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon køyrd med ambulanse til Haugesund sjukehus for sjekk.

Bilvelten skjedde ein liten halvtime over midtnatt.

Vegen var stengt i eit køyrefelt ei periode etter hendinga, og Statens vegvesen kalte også ut entreprenør for å fjerne noko oljesøl.