Fleire beslag av desse pillene gjer at politiet går ut med ei sterk åtvaring.
Foto: Sør-Vest politidistrikt
Fleire beslag av desse pillene gjer at politiet går ut med ei sterk åtvaring. Foto: Sør-Vest politidistrikt

Politiet åtvarar mot piller  

Politiet i Sør-Vest har den siste tida gjort fleire beslag av piller (sjå bilde). Dette er same type piller som deira kollegaar i Troms politidistrikt har åtvara mot og mistenker kan koplast til fleire dødsfall.

Desse pillene er truleg uoriginale variantar av typen Ksalol, og politidistriktet fryktar pillene kan innehalda det svært potente stoffet Fentanyl. I Sør-Vest politidistrikt er det ikkje meldt om dødsfall knytt til pillene, men politiet vil likevel sterkt åtvara mot å ta Ksalol. Politiet på ventar på analyseresultat for å finna ut kva tablettane inneheld.

— Pillene blir selde billig, og me fryktar spesielt at ungdom kjøper desse utan å tenka godt nok over mulige konsekvensar, seier avsnittsleiar Espen Hegre på patrulje- og førebyggande på Jæren, i ei pressemelding frå Sør-Vest politidistrikt.

Politiet kjem også med ei generell åtvaring

— Det du kjøper på gata eller via sosiale medium, veit du strengt tatt ikkje innhaldet i. Dermed løper du ein risiko enten du kjøper legemiddel eller meir tradisjonelle rusmiddel, seier Hegre.