— Bilen skal ha velta og hamna i vatnet. Dei tre personane som var i bilen har kome seg ut og er i god behald, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter like etter klokka 18.
Ulykka skjedde på E134 ved Hiljesteinsvika, ein knapp kilometer vest for Ølen sentrum.
Bilen skal ha vore på veg vestover då uhellet skjedde.
Politiet fekk meldinga klokka 17.48.
Dei tre som var i bilen kom seg ut for eiga hand, og er køyrd til legevakt for sjekk.
Ein meters djupne
Det var ein vaksen sjåfør og to tenåringar i bilen.
Det var bar, men våt vegbane der ulykka skjedde.
— Det er førebels uvisst kva som forårsaka uhellet, opplyser politiet klokka 18.24.
Bilen vart i fjorden etter utforkøyringa, på ein meters djupne.
Trafikken går som normalt
Det skal ikkje vera trafikale utfordringar på staden, og ifølge opplysingar Grannar har fått på staden blir bilen truleg tidlegast berga natt til måndag.
Dette som følgje av at det er stor trafikk frå fjellet på E134 vestover sundag kveld, og at denne skal få gå utan å bli hindra av bergingsarbeid.
Utforkøyringa fann stad ved Hiljesteinsvika.
ILLUSTRASJON: GOOGLE MAPS
#Vindafjord: Melding om utforkjøring ved Hiljesteinsvika utfor Ølensvåg. En bil skal ha veltet og havnet i vannet. De tre personene som befant seg i bilen er kommet seg ut og er i god behold.
— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest) January 17, 2021