Kven hadde trudd i fjor, at også årets 17. mai skulle bli avlyst? Truleg svært få. Men slik blei det, og alternative feiringar er planlagd i dei fleste bygder. Dette har Grannar svært lyst til å dela med lesarane, og oppmodar alle til å senda inn sine bilete frå nasjonaldagen. Hugs å få med namn på personar på bileta, namn på fotograf og fortel gjerne litt om kor biletet er tatt og kva som skjer då biletet blei foreviga.
Grannar vil publisera ein biletserie frå 17. mai-feiringa, og håpar på å få inn bilete frå alle Grannar-bygdene. Bileta kan sendast til redaksjon@grannar.no og merk bileta med «17.mai»
Tjuvstarta i Vats
Heldigvis har vêrgudane vore i godlaget den siste veka, og dei fleste elevane i barne- om mellomtrinna på skulane fekk lov til å tjuvstarta på nasjonaldagsfeiringa. Det blei 17. mai-tog, leikar, pølsefest og glade Hurra-rop.
Det er ein finpynta gutegjeng med 2-klassingar som har valt ein strategisk rasteplass, når dei skal fortæra årets 17. mai-pølse. Ein karusell. At dei snurrar litt rundt, søler litt ketchup på dei fine skjortekantane, og tidvis kjem i ubalanse mens dei et, gjer ikkje det grann. Det er jo sjølve nasjonaldagen. I alle fall nesten.
Ja! Me diggar 17. mai og det var kjempekjekt å ha 17.mai-leikar før me gjekk i tog
Jakob Ohm Hatteland, 2.klassing
— Det er tusen millionar gonger kjekkare å ha 17. mai på skulen, enn å ha ein vanleg skuledag, seier Olav Døvik, og får einige nikk frå resten av gjengen på karusellen.
— Ja! Me diggar 17. mai og det var kjempekjekt å ha 17.mai-leikar før me gjekk i tog, seier Jakob Ohm Hatteland, mens han vekselvis tar ein bit av pølsa si, før han bles til i den kule russefløyta han har hengjande rundt halsen sin.
Og vêrgudane spelar på lag. Sola kikkar fram bak lett skydekke, og temperaturen er tett oppunder 20 varmegrader. Det er så perfekt som det kan bli, i eit koronaår.
Song for full hals
Elevane ved Vats skule har som mange andre skular fått feira 17. mai i forkant, og onsdag, gjekk dei i tog frå skulen og bort til Vindafjordtunet. Her song dei for full hals for tilskodarane sine, som var eit takknemleg publikum. Det var tydeleg at elevane hadde øvd godt på både nasjonalsongen og andre songar, og dei eldre song med.
— Dette var veldig koseleg, seier Berta Nesheim, som saman med Ragnhild Toadalen, Børre Sandsgård og Mildred Ådland, var fire av dei mange som fekk oppleva årets 17. mai-tog.
Også i Ølen
Også i Ølen var det feiring av 17. mai på forskott, der første til og med sjuande klase ved Ølen skule tysdag stilte seg opp og var klare til avmarsj. Målet var Ølen omsorgssenter.
Utstyrt med kvar sine flagg, sjølvlaga faner, heiarop, musikk og song marsjerte dei 160 elevane frå skulen, gjennom Sjoargata, opp på E134, forbi rådhuset og til Ølen omsorgssenter.
Her tok fjerdeklasselærar Anne Grethe Djuve regien og starta det store skulekoret. Norge i Rødt, Hvitt og Blått og andre kjente songar frå 17. mai ljoma over plassen framfor omsorgssenteret der både tilsette og bebuarar kom til vindauga og verandaar for få med seg det fargerike og flotte opptrinnet.
— Elevane i dei første klasse hadde øvt godt og var godt førebudd, fortalde dirigent Djuve etter seansen.
Deretter gjekk turen attende den korte strekkja til skulen der feiringa heldt fram med pølser og is.