Tidlegare administrerande direktør Jan Kåre Pedersen hadde  god tru på Renevo i 2021. No stengjer dei nye eigarane fabrikken.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Tidlegare administrerande direktør Jan Kåre Pedersen hadde god tru på Renevo i 2021. No stengjer dei nye eigarane fabrikken. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Inviterer til folkemøte om ny fabrikk

Det blir folkemøte om dei store biogass-planane i Etne allereie på torsdag.

Førstkomande torsdag vil Renevo-gründer Jan Kåre Pedersen møte etnebuen for å svare på spørsmål folk måtte ha kring planane om det som kan bli ein av landets største biogass-fabrikkar.

— Luktfritt

På pressekonferansen på Stord måndag forsikra Pedersen om at teknologien dei nyttar syt for at anlegget blir luktfritt. Reaktorane skal stå innandørs, mens substratet – eller kumøkka og den daude fisken om du vil, blir lagra på store tankar som matar prosessanlegget gjennom røyranlegg.

— Om nokon skulle vere uheldig å gløyme å skru att ein flens, då trur eg lukta vil vere avgrense til inne på anlegget, sa han.

Og skulle det bli problem knytt til utslepp av rågass, vil dei kunne tenne ein fakkel for å brenne av denne gassen, opplyste selskapet på møtet.

Omtrent slik vil biogassfabrikken i Etne sjå ut.
ILLUSTRASJON: RENEVO AS

Måndag kunne Pedersen ikkje fortelje nøyaktig kor fabrikken kan bli bygda, utover at det skal bli offentleggjort om 4-5 dagar.

— Og det blir 100 prosent sikkert i Etne, la han til.

Etter det Grannar erfarer står det om tre alternativ, og Tongane industriområde er eitt av desse. Det planlagde næringsområdet på Fikse er truleg uaktuelt, mellom anna fordi infrastrukturen truleg ikkje er på plass i tide. Men ein framtidig fyllestasjon for biogass og hydrogen vil truleg vere høgaktuell for Fikse, som ligg like ved E134.

Renevo planlegg å sende byggesøknad i haust, byggestart i 2022 og produksjonsstart i 2023.

Svanger ordførar

På pressekonferansen deltok forutan Renevo-leiinga, mellom andre Etne-ordførar Mette-Heidi Bergsvåg Ekreheim (Sp), klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V) og leiar i Etne bondelag Roar Gundegjerde.

Vil bygge biogassfabrikk i Etne

Ordføraren er særs glad over å endeleg få kunne snakke høgt om planar ho første gong høyrde om i fjor haust. Planar som kan gi meir enn 20 arbeidsplassar til kommunen ho leiar.

— Dette har for meg vore som å gå tidleg i eit svangerskap. Du har vore nøydd til å halde ting for deg deg sjølv, mens det har bobla over inni deg med lyst til å fortelje alle om det glade bodskapet, sa ho.

Samstundes er ho budd på at mange i lokalsamfunnet i Etne kan ha spørsmål kring det å kunne få ein biogassfabrikk, som baserer si drift på gjødsel og ensilasje, som er syrebehandla daud fisk, i nabolaget.

— Og det er heilt legitimt at folk har spørsmål kring det, understrekar ho.

Samstundes set ho sin lit til at selskapet Renevo snakkar sant når dei seier at produksjonen blir luktfri.

Og Sp-ordføraren er glad for at den lokale landbruksnæringa vil kunne få høve til å vere med på å dempe klimagassutslepp ved å levere kumøkk til fabrikken, og attpå til få tilbake produkt som kan erstatte ein god del av bruken av kunstgjødsel.

— Eit vinn-vinn-prosjekt, slår ho fast.

— Biogass blir viktig

Klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V) sa at han ser lyst på utviklinga av norsk biogassnæring.

— Det er ein viktig del av det grøne skiftet, og ei gode sirkulærøkonomisk løysing, sa han.

Uttrykket sirkulær økonomi handlar kort forklart om ombruk av ressursar før det endar som avfall.

Klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (t.v), Etne-ordførar Mette-Heidi Bergsvåg Ekrheim og Renevo-gründer Jan Kåre Pedersen ved ein av substrat-tankane til biogassfabrikken som er under bygging på Stord. Det er eit liknande anlegg selskapet vi bygge i Etne.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Rotevatn trekte fram at det er mykje avrenning frå landbruket, og at ein ved å bruke denne gjødsel-ressursen i biogassproduksjon får ei god løysing som også vil bidra til å minske forureining av fjordar og vassdrag.

— Vi skal dei neste tre åra kutta dei samla norske klimagass-utsleppa med mellom 50 og 55 prosent i Noreg. Biogass vil vere ein viktig del av løysinga, saman med mellom anna eletrisitet, hydrogen, biodrivstoff, sa han.

Enova-støtte ein føresetnad

Statsråden ville ikkje gå inn på kva grad han meiner det statlege selskapet Enova, som jobbar for omstilling av Noreg til eit lågutslepp-samfunn, bør gi tilskot til fabrikken i Etne. På Renevo sin fabrikk på Stord gjekk dei inn med om lag 40 millionar kroner, og Renevo har sett som føresetnad at Enova gjer tilskot før dei kan bygge fabrikken i Etne som er berekna å koste om lag 200 millionar kroner.

— Det er rett nok staten som eig Enova, men det er nok lurt at vi politikarar held ein armlengdes avstand til dei som skal gjere dei faglege vurderingane, sa Rotevatn.