Det er denne båten, Ein Uttern D55 med ein 115 HK Mercury påhengsmotor som er meldt stolen frå ein molo i Dreganesvegen i Ølen.
FOTO: PRIVAT
Det er denne båten, Ein Uttern D55 med ein 115 HK Mercury påhengsmotor som er meldt stolen frå ein molo i Dreganesvegen i Ølen. FOTO: PRIVAT

Ønskjer tips om denne båten

Ein fritidsbåt er truleg stolen frå ein privat molo i Dreganesvegen i Ølen. Politiet ønskjer tips om saka.

Politiet fekk melding litt etter klokka 7 torsdag morgon.

Det er snakk om ein Uttern D55 med registreringsnummer LBM 685, med ein Mercury 115 HK påhengsmotor.

— Båten var observert på plass ved moloen onsdag kveld, så den har forsvunne i løpet av onsdag kveld eller natt til torsdag, opplyser politioverbetjent Inge Hebnes Hårajuvet ved Etne og Vindafjord politistasjon.

Har du sett båten eller har opplysningar om kva som kan ha skjedd kan du ringe politiet på telefon 02800.