BadesKen - alias Ken André Ottesen kjem til Sjøperlo for å «kjærleg harselera» med lokalavisa. 
Foto: Helle Therese Kongsrud
BadesKen - alias Ken André Ottesen kjem til Sjøperlo for å «kjærleg harselera» med lokalavisa. Foto: Helle Therese Kongsrud

Inviterer til 50-årsdag for lokalavisa

Onsdag 1. mars var det 50 år sidan Grannar såg dagens lys, og torsdag 9. mars skal dette markerast med både foredrag, humor, musikk og ikkje minst kaffi og kake på Sjøperlo i Ølen. Kvar og ein som ønskjer å vera med, er velkomne til gratis fest.

 

Ken André Ottesen, betre kjent som BadesKen er ein av dei som skal stå på scenen på torsdag når Grannar skal markera 50-års jubileum. For dei som ikkje har høyrt om han før, er det berre å gle seg for Ottesen har gjort karriere på å «harselera» med lokalavisene og det som kjem på trykk. Det kan nemleg vera mykje morosamt, i alle fall når ein får sjå det gjennom augo til Ottesen.

— Eg pleier å seie at eg driv med kjærleg harselering av lokalavisene, og når eg reiser rundt er det gøy å visa kor mange raringar som bur rundt om kring i bygdene. Men rare folk er fine folk, og eg kjem til å løfta fram både jubilanten, jubilanten sine konkurrentar, og jubilanten sine lesarar, så det er berre til å gle seg, seier Ken André Ottesen spøkefullt.

Totningen har gjort stor suksess av nettopp kjærleg harselering av lokalaviser,  han har gitt ut fire bøker om emnet, og reiser nå land og strand rundt med show som stort sett er utselde. At han tar seg tid til å komma til Grannar – midt i turneen sin – er ikkje verst.

I løpet av kvelden vil alle få eit bilde på kva som har skjedd gjennom 50 år med lokalavis

Øyvind Valen, styreleiar

50 år med lokalavis

Styreleiar i Grannar, Øyvind Valen lovar ein kjekk, informativ og humørfylt festkveld, og inviterer alle frå Grannar-bygdene til å bli med på feiringa.

— I løpet av kvelden vil alle få eit bilde på kva som har skjedd gjennom 50 år med lokalavis, og sjølv om me ikkje legg opp til historieforteljing, blir det ein del visning av avissider og prat rundt dette, seier Valen.

Han lovar minikonsert med Anne Lise Frøkedal, to informative foredrag, i tillegg til ein god halvtimes show med BadesKen. Festen som blir på rundt 2,5 time vil ha ein pause midtvegs, der det blir servert bursdagskake og kaffi til alle.

— Me har sjølvsagt invitert ordførarane våre, og redaktørar frå lokalavisene rundt oss, seier Valen.

Kjersti Løken Stavrum kjem for å snakka om ytringsfridom
Pressefoto

Ytringsfridom

Rune Hetland er veteran i Grannar. Han har vore både journalist og redaktør i lokalavisa i mange år før han gjekk over til Landslaget for lokalaviser. Dei siste 12-13 åra har han vore styrerepresentant for Grannar og er med i arrangementskomiteen for jubileet.

Han gler seg stort til å presentera Kjersti Løken Stavrum og Sølve Kuraas Karlsen som foredragshalderar til festen, og trur mange vil få seg ei a-ha oppleving når dei høyrer på desse to.

— Eg trur dette er svært relevant også for dei som ikkje jobbar i mediebransjen, seier Hetland.

Kjersti Løken Stavrum kjem for å snakka om korleis det står til med ytringsfridomen i Noreg. Under temaet «Er nordmenn blitt troll og den offentlege debatten full av hat og hets?» vil ho fortelja om Ytringsfrihetskommisjonen sitt arbeid og korleis ytringsfridomen har utvikla seg gjennom dei siste 100 åra frå den gong Einar Gerhardsen ville sprengja Aftenposten.

— Kjersti Løken Stavrum har vore leiar for kommisjonen og ho vil snakka om korleis status er for ytringsfridomen per i dag. Ytringsfridom er fundamentet for eit demokrati, og sjølv om Noreg er blant dei fremste på akkurat dette, kunne det også vore betre. Det er lett å sovna hen i trua på at alt er bra, seier Hetland.

Sølve Kuraas Karlsen frå faktisk.no kjem for å snakka om falske nyheiter.
Pressefoto

Anne Lise Frøkedal kjem til jubileet for å halda minikonsert.
Foto: Grethe Hopland Ravn

Falske nyheiter

Sølve Kuraas Karlsen frå faktisk.no vil snakka litt om kva falske nyheiter eigentleg er. Og kven står bak? Kvifor blir falske nyheiter laga og korleis påverkar det oss og demokratiet? Karlsen skal visa skremmande eksempel på korleis me blir lurte.

— Det er big business i verda å komma med falske nyheiter som er så attraktive at folk klikkar på dei. Annonsar og klikk heng også saman. Nokre gjer det berre for å tena pengar, mens andre gjer det for å påverka lesarane, og det er enda meir farleg. Karlsen vil visa oss korleis me blir lurt i kvardagen, og han vil visa kvifor me skal vera kritiske til kva me stolar på, seier Hetland.

Avtroppande redaktør Arne Frøkedal med første utgåve av Grannar som blei publisert 1. mars 1973
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

Torsdag 9. mars blir ALLE invitert til Grannar sin 50-årsdag på Sjøperlo i Ølen.
Arkivfoto