Illustrrajonsfoto
Illustrrajonsfoto FOTO: Svein-Erik Larsen

Bil køyrde av vegen i Vindafjord

Ein personbil køyrde av vegen på Sandeidvegen i Vindafjord like før klokka 13 laurdag.

Alle naudetatane rykte ut då meldinga kom.

Sjåføren, ei kvinne i 80-åra, skal ha vore åleine i bilen, og fekk hjelp til å kome ut av bilen.

Kvinna framstod som uskadd, men vart tatt med til Haugesund sjukehus for sjekk.

Bilbergar er bestilt. Trafikken flyt fint forbi, melder Sør-Vest politidistrikt i ei melding på Twitter.

Årsaka til ulykka er ikkje kjend, men politiet oppretter sak.