Det var ein tydeleg rørt Roar Gundegjerde som fekk Sigbjørn Rafdals minnepris for 2023. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim delte ut prisen søndag. 
Foto: Hanna K. Litlehammar
Det var ein tydeleg rørt Roar Gundegjerde som fekk Sigbjørn Rafdals minnepris for 2023. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim delte ut prisen søndag. Foto: Hanna K. Litlehammar

Roar Gundegjerde fekk minnepris

Då Etne Cup 2023 var i sluttspurten og pokalane skulle delast ut, blei Roar Gundegjerde overraska med Sigbjørn Rafdals minnepris. Han har i mange år vore ei av dei store eldsjelene bak etnecupen.

Leiar i Etne Cup, Bjørnar Aastvedt kan opplysa at det var Roar Gundegjerne som mottok den ærefulle minneprisen etter Sigbjørn Rafdal. Minneprisen som blei etablert etter at Sigbjørn Rafdal så tragisk mista livet i sykkelrittet Bergen – Voss for ti år sidan, er for tru teneste for barn og unge i kommunen i dag. Sigbjørn Rafdal var leiar for etnecupen i mange år, før han døydde – berre to veker før cupen starta i 2013. Den gong var det Roar Gundegjerde som steppa inn i leiarrolla, eit verv han hadde heilt til i fjor.

— Roar har vore involvert i cupen i 26 år og har vore leiar i ni. Han har brukt mykje tid på dette, og vore ei eldsjel. Han blei tydeleg rørt då han mottok prisen frå ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim. Roar var ein av dei som kjende Sigbjørn veldig godt, sa Aastvedt til Grannar søndag ettermiddag.

Sigbjørn Rafdals minnepris har blitt delt ut kvart år – utanom koronaåra – sidan 2014.

Desse har mottatt prisen tidlegare

2014:   Atle Aas og Marta Onstein

2015:   Hans Joachim Becker

2016:   Monica Grindheim

2017:   Geir Havreberg

2018:   Turid Fosse Becker

2019:   Anne Jorunn Lindevik

2020:   Korona

2021:   Korona

2022:   Jorunn Grindheim

2023:   Roar Gundegjerde