— Eg blei spurt om å vera listefyll for åtte år sidan. Og rykte opp til kommunestyrerepresentant i fjor haust. Men debuten som politisk aktiv var tidlig på 90-tallet. Som skuleelev med plakat i Ølen kommunestyre, livredd for at politikarane ville legga ned skulen min (den gongen og).
— Kvifor vil du vere politikar?
— Om folk meiner eg kan bidra til kloke forslag og avgjerder skal eg stilla. Men eg blir ikkje det minste fornærma om dei synsest det er andre på lista som passar betre. Vindafjordlista har som einaste liste valt å ikkje gi stemmetillegg til nokon kandidatar – folket bestemmer. Det er flust av flinke folk med svært variert bakgrunn på lista, som fortener eit kryss!
— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?
— Å behalde skulestrukturen så lenge foreldra ynsker det og finn tilbodet forsvarleg, ligg langt inne i ryggmargen på meg. Bygdene må få bruka energien sin på meir utviklande ting enn å uroa seg over forutsigbarheit i det mest grunnleggjande kommunale tilbodet, som unge folk i etablerarfasen er heilt avhengig av.
— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?
— Alle barn og unge skal få vekse opp i ei levande bygd. Med barnehage, skule og fritidstilbod i gang- og sykkelavstand. Me snusar på leksefri skule og kulturkarusell i kulturskulen. Skulane skal rustas opp, undervisninga utviklast og vaksentettleiken ivaretas. Nye løysingar for samkøyring og kollektivtilbod mellom bygdene trur me er særleg viktig for fritida til ungdommen.
— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?
— Me meiner kommunen saman med eldreråd, relevante lag og foreningar og andre må lage ein eigen plan for å mobilisere og nytte den aukande eldreressursen. Me ynskjer gjennom Nasjonalforeningen å sertifisere kommunen som demensvennleg samfunn, og institusjonane våre som «livsgledehjem». Me vil utgreie klynger med lettstelte leiligheter i interesserte bygder, attraktivt for både eldre og førstegangsetablerere.
— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?
Me vil utvida gode VIBer prosjektet til alle bygdene – Å jobba for levande, attraktive bygder er og å jobba for at det skal vera attraktive miljø for bøndene å driva næring i. Når bønder, og andre ynskjer å søke godkjenning for tiltak, skal kommunen vera aktiv samarbeidspartnar – frå ideutvikling til utforming av søknad. Me ynskjer ein kommune med beredskap for flaks, som blant anna betyr at me vil ha korte og effektive beslutningslinjer ved gode initiativ.
— Kan Vindafjord kommune klare seg utan eigedomsskatt?
— Å kutte all eigedomsskatt i Vindafjord i dag er urealistisk, då det vil ramme tilbod som er viktig for innbyggjarane for hardt. Men å sjå på løysingar, stil dømes å kutte eigedomsskatt fyrste 5 år på nybygg eller større renoveringar, på uselde tomter og landbrukseigedommar, burde vore utreda.
— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?
Det er ingenting som tyder på det med dagens forutsetnadar. Me har blant anna ulik struktur på fleire tenester. Etne har betydelig større gjeldsgrad enn Vindafjord og geografien i kommunane ville flytta avgjerdene enda lenger vekk frå dei det gjeld, om ein slår seg saman. Men kommunane bør absolutt samarbeide om oppgåver, der det er hensiktsmessig for begge partar.
— Korleis stiller du deg til bygging av ny symjehall og bygdahus i Vats?
— Eg er positiv, men er litt bekymra for om ein byggjer publikumsvennleg nok. Skal ein fyrst byggje svømmehall, må ein sikre at den står seg for framtida og har forutsetning for berekraftige driftsutgifter. Då må truleg hallen kunne konkurrere med nabohallar i publikumsattraktivitet.
— Bør Vindafjord behalde dagens skulestruktur?
— Skulestrukturen skal stå fast så lenge foreldra vil oppretthalde tilbodet og finn undervisningstilhøva forsvarlege. Like viktig er det at bygdene opplever at det er forutsigbarheit i dette standpunktet. Stadig uvisse rundt dette spørsmålet har me dessverre fleire døme på at har vore avgjerande for om unge vel å flytte tilbake til Vindafjord og om dei unge som bur her vågar å investere i framtida si her.
— Korleis bør industriområdet på Dommersnes utviklast?
— I kontinuerlig dialog med dei involverte partane. Området har stort potensial, og me ynskjer oss løysingar som står seg over tid, både driftsmessig, beekraftsmessig og for lokalsamfunnet. Gode prosessar i arbeidet kan ikkje undervurderast for at dette prosjektet i det heile tatt skal bli noko av, og at resultatet skal bli så bra som me ynskjer.
— Kva meiner du er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?
— Me er tydelige på at me treng vekst i alle dei ni unike, likeverdige, større og mindre bygdene i Vindafjord. Kommunen sitt beste utgangspunkt i møte med demografiske utfordringar er å vera gjennomsyra av utviklingskultur, og at det er noko som må skapast saman med næringsliv, lag og foreningar, eldsjeler og innbyggjarar. Me skal utvikla ein kommune med systematisert beredskap for flaks: Kommunen er rigga for å gripa uventa muligheter.
Faktaboks
Namn: Anna Klette Steinsland
Alder: 42 år
Sivil status: Godt gift, tre barn frå fire til 15 år
Bustad: Bjoa