I Etne, som i mange andre kommunar opplever me utfordringar med rekruttering innan helse og omsorg. Spesielt tilsette med relevant kompetanse viser seg å vera vanskeleg å sikra seg. I tillegg blir me stadig fleire eldre i kommunen, noko som fører til auka behov for både sjukeheimsplasser og tilsette i sektoren. Det er positivt at me blir fleire eldre, det viser at me lever lenger, og generelt er friskare. Men det fylgjer med nokon utfordringar som me må løysa på vegen.
Omsorgssektoren har tradisjonelt vore ein sektor med mange deltidstilsette, og med høgt sjukefråvær som igjen fører til eit stort forbruk av vikarar. Dette kostar store pengar, og ikkje minst skapar det utfordringar med kvaliteten på tenesta. Stor bruk av deltid og mange vikarar fører til at brukarar av tenesta møter veldig mange forskjellige tilsette i løpet av kvardagen. Tilsette med små deltidsstillingar opplever utfordringar med å skaffa lån for å kjøpa eigen bustad, dette går spesielt ut over unge nyutdanna. Deltid gjer det og vanskelegare å planlegga arbeid og fritid, og ein vil ha dårlegare pensjon når den tid kjem.
I Etne kommune har ein hatt fokus på dette, men det er enno ein stor jobb igjen før ein er i mål. No når eg skriv dette innlegget har Etne lyst ut fem stillingar i omsorgssektoren. Ein ringevikar, ein 60 prosent sjukepleiar, ein 40 prosent helsefagarbeidar, ein 20-30 prosent sjukepleiar og ein 50-80 prosent sjukepleiar. Eg skjønar at dette blir gjort for å få kompliserte turnusar til å gå i hop, og at det ikkje er enkelt å få alle desse stillingane opp til 100 prosent, men det er kommunar som får dette til. I Sauherad har dei klart å få til ein heiltidskultur utan at kostnadene har auka. I Stavanger er dei på god veg, og dei jobbar iherdig for å komma i mål.
Me i Etne Arbeiderparti har stor på å snu norma frå ufrivillig til frivillig deltid. Når me lyser ut nye stillingar skal dei som hovudregel vera 100 prosent. Me skjønar og at det finnes dei som av ulike årsaker ikkje kan eller ynskjer å arbeide 100 prosent, og me skal tolerera unntak. Men dei som ynskjer heiltid skal finna gode og trygge rammer i Etne. Me ynskjer og å auka grunnbemanninga og på den måten skapa eit betre arbeidsmiljø, lågare sjukefråvær og dermed mykje lågare vikarbruk. Om me investerer i høgare bemanning er me sikre på at kostnaden vil svara seg på sikt.
Om me kan få med både dei tilsette og leiinga i kommunen med på eit slikt prosjekt er me sikre på at me vil lukkast. Så lenge ein klarar å skapa positivitet og optimisme rundt slike reformar går det meste bra. Me ynskjer å gjennomføre dette saman med fagforeiningane. Me må gjera det attraktivt å arbeida i omsorgssektoren i Etne, og ein skikkeleg heiltidskultur vil vera til fordel for dei tilsette, pasienten og behovet for auka kompetanse.
Om du vil at Etne kommune skal jobba for eit meir seriøst og rettferdig arbeidsliv så meiner me i Etne Arbeiderparti at me har løysingane for deg. Me ønske å forma ein offensiv arbeidslivs politikk i Etne, og me ønske deg med på laget. Bruk Stemmeretten, og stem gjerne Arbeiderpartiet.
Andreas Grumheden
Ordførarkandidat Etne Arbeiderparti