Raset er litt før innkøyringa til Tungesvik. Foto: Privat
Raset er litt før innkøyringa til Tungesvik. Foto: Privat

Held vegen stengt – pendlarar må køyre omveg heim frå jobb

I ei oppdatering på vegstenginga etter jordskredet natt til søndag, opplyser Statens vegvesen at Fv 548 Tungesvikstranda mellom Håland og Skånevik kjem til å halde stengt til minst eit stykke ut på måndag. På nettsida si skriv vegvesenet at det vil bli gjort ei ny vurdering på vegen måndag klokka 12., og at venta sluttid nå er måndag klokka 16.

Som følgje av stenginga er det omkøyring via E134 og Fv5014. Dermed må skåneviksbuar som skal på jobb i Etne, Vindafjord eller andre delar av Haugalandet køyre Strondavegen til, og motleggens heim frå jobb på måndag.

I ei oppdatering måndag klokka 14.24, skriv vegvesenet at det blir tatt ei ny vurdering klokka 18 på kvelden. Jobbependlarar som bur i Skånevik må følgeleg køyre Strondavegen. Vegvesenet skriv at det er omkøyring for personbilar via E134 og Fv 501, mens det for større køyretøy anbefalast omkøyring via Odda, Folgefonntunnel og Fv 500 grunna smal vegbane på Fv 5014.

Jordskred stenger veg