— Det var distrikt, skule og landbruk som var direkte årsak til at eg engasjerte meg. Etter kvart er alle sider ved lokalpolitikken blitt engasjerande, alt heng saman! Eg melde meg inn i Sp for snart 30 år sidan, har vore lokal folkevald i fire periodar, og har ein periode på fylkestinget.
— Kvifor vil du vere politikar?
— Eg har alltid vore samfunnsengasjert, og fann tidleg ut at det er gjennom politisk arbeid ein kan vere med å påverka. Eg har brukt mykje tid på lokalpolitikk, det har vore hobbyen min dei siste 30 åra.
— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?
— Det å motverke fråflytting og auke tilflytting til kommunen, samt å få fleire arbeidsplassar til kommunen. Folk må bu, arbeida og leva gode liv her for at me skal ha levande lokalsamfunn.
— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?
— Gode barnehagar og skular er det aller viktigaste, det er her me treff alle! Flinke fagfolk og gode læremiddel må fortsatt prioriterast. Vidare må gode område for leik, idrett og friluftsliv prioriterast, det er allereie mykje på gang, men me må ha ei bevisst haldning til gjennomføring. Elles er det viktig at alle får høve til å delta på aktivitetar, så fritidskasse, eller andre ordningar, må løyvast midlar til.
— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?
— Me må leggja til rette for at tenestene må tilpassast behovet til den enkelte. Me må ta i bruk heile det nye omsorgssenteret i Etne til sjukeheim, laga døgnbemanna leilegheter i Tusenfryd i Skånevik, og døgnbemanna leilegheiter i Etne. Demensomsorg blir endå viktigare framover. Kommunen må auka antal bustader sentralt som er tilrettelagt med livsløpstandard, til leige, eller til eige i samarbeid med Husbanken. Dagtilbod til heimebuande er viktig, då einsemd er ei utfordring for mange. Pårørande må og få større merksemd.
— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?
— Etne Senterparti ønskjer å styrka landbruksavdelinga i kommunen, me vil og arbeida for eit tettare samarbeid med næringa sjølv og landbruksorganisasjonane. Me er positive til innføring av tilskot til grøfting og nydyrking, og har fokus på jordvern. Kommunen må i større grad støtta opp om kortreist matproduksjon, og distribusjon av denne.
— Kan Etne kommunen klare seg utan eigedomsskatt?
— Nei, dessverre ikkje utan å redusere tenestenivået betydeleg! Det er eit mål for Etne Senterparti å halde eigedomsskatten på eit lågast mogeleg nivå, men ein solid kommuneøkonomi ligg til grunn for forsvarleg drift av kommunen.
— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?
— Etne kommune har gode samarbeidsområde for ulike tenester med Vindafjord, noko samanslåing er ikkje tema slik situasjonen er nå.
— Korleis stiller du deg til etablering av ein biogassfabrikk på Tongane?
— Etne Senterparti ønskjer ei plassering av biogassanlegget på til dømes Fikse. Det kan uansett plassering ikkje innvilgast noko byggesøknad før teknologien kan visa at utsleppskrava blir oppfylte.
— Bør Etne behalde dagens skulestruktur?
—Ja.
— Bør kulturhuset Skakke driftast vidare etter dagens modell?
— Driftsmodellen for Skakkesenteret må vurderast endra, den modellen som er i dag er ikkje berekraftig framover.
— Kva er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?
— Etne Senterparti har vist at me tek ansvar og har gjennomføringsevne både posisjon og opposisjon, me er til å stola på. Me vil vera garantist for at Etne som distriktskommune skal vera solid og ha kvalitet i tenestene til innbyggjarane. Me lovar å vera pådrivar for auka busetnad og næringsutvikling i Etne kommune.
Faktaboks
Namn: Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Alder: 59 år
Sivil status: Gift med Ove, me har 3 søner, ei svigerdotter og to barnebarn.
Bustad: Stordalen