Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er Etne Sp sin ordførarkandidat.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er Etne Sp sin ordførarkandidat. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Etne Senterparti eit styringsparti til å stola på

Senterpartiet er næringspartiet! Etne kommune sitt fokus på landbruk og anna næring har blitt styrka med oss i førarsetet, men me har mykje meir å bidra med. I tillegg til gode lokalmiljø å leva i, er arbeidsplassar grunnlaget for distriktsnoreg sin eksistens. Ingen andre parti har vel så mange medlemmar og velgjarar som er næringsdrivande som det Sp har. Kommunen må utvikla eit endå nærare samarbeid med næringsliv, landbruksorganisasjonane og grunderar. Alle som har ein forretningside, dyrkningsplanar, eller utbyggingsplanar skal bli møtt av ein kommune som viser interesse, velvilje og rask sakshandsaming. Mykje er blitt betre, men me har framleis ein veg å gå. Høgast på prioriteringslista står næringsarealet på Fikse, der er me snart i mål og kan starta opp. Etne kommune skal vera ein PÅ-kommune!

Som folkevald har ein ulike roller, ei av rollene som kanskje blir underkommunisert er rolla som arbeidsgjevar for dei vel 400 tilsette i kommunen. Rett nok er det daglege ansvaret overlete til kommunedirektøren, men strategiar og retningar blir sett av kommunestyret. Her har Senterpartiet fått bort det meste av ufrivillig deltid i Etne kommune, og det er me stolte av. Alle skal kunna ha ein stillingsbrøk å leva av, og arbeidet vidare med å skaffa både nåverande og nytilsette fulle stillingar vil me prioritera høgt. Å ha eit høgt antal lærlingar vil også framover vera prioritert, både for å skira rekruttering, men og fordi det å utdanna dyktige fagfolk er ei viktig samfunnsoppgåve for ein kommune. I Etne kommune har me arbeidstakarar som nærmar seg, og har passert pensjonsalder, desse har lang erfaring og høg kompetanse og er ein viktig ressurs for kommunen å nytta vidare. Å få på plass ein seniorpolitikk vil vera ei prioritert oppgåve i nærmaste framtid. For ein tilsett å bli sett, og få høve til medverknad og kompetanseheving er og ei viktig oppgåve me som arbeidsgjevar som skal ha eit styrka fokus på. Dei tilsette i Etne kommune skal ha det godt på jobb, og setjast i endå betre stand til å utføra kvalitetstenester for innbyggjarane våre. 

Skal me ta heile Noreg i bruk, må heile Noreg vera brukande!  

Etne Senterparti har arbeidd hardt og utrøytteleg for ulike samferdsleprosjekt i kommunen vår. Tydelegast i kvardagen er vel opprustinga av kommunale vegar, her er me godt i gong, og arbeidet fortset etter vedteken prioritering. Trafikktrygging i Etne sentrum har me fått gjort ein del på, fokuset vil ikkje vera mindre framover. Signala for Bakka-Solheim er dei beste me har hatt sidan kommunedelplanen vart vedteken i 2015, men her må me vera uthaldande og strategiske i arbeidet framover for å få realisert prosjektet. Skånevik-Flesjå med oppstart våren 2024 er eit døme på at det faktisk har betydning å påverka i fylkespolitikken. Ny asfalt på Stødlevegen kjem i haust, Litledalsvegen er kommen på prioriteringslista og Strondavegen blir  punktutbetra. Snøggbåtrutene er stabile, og «Trygt Heim» og serviceskyss kjem med ruteendrigane i 2025. Vidare arbeid framover må til for å få på plass viktige prosjekt for oss. 

Etne Senterparti har denne fireårsperioden vore samlande, framoverlente og rause. Gir du Senterpartiet og Mette Heidi som ordførar fornya tillit skal me lova å stå på med målretta fokus, hardt arbeid og godt humør for å gjera Etne kommune til ein endå betre kommune dei kommande fire åra. Og når du nå går til valurna så hugs:  godt gjort er betre enn godt sagt!

God val!

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordførar/ordførarkandidat 

Sjur Aakra Andreas Aune, Anita Larsen og Liv Kaldheim, listekandidatar Etne Senterparti