Tormod Sandsgård og Ingvild Arianson er to av listekandidatane på Vinfafjordlista. FOTO: PRIVAT
Tormod Sandsgård og Ingvild Arianson er to av listekandidatane på Vinfafjordlista. FOTO: PRIVAT

Lokale ildsjeler på felles liste

«Hei!» seier ei dame til meg på butikken. Me kjenner ikkje kvarandre. «Eg skal visst stemme på dåke til hausten», seier dama. «Eg tok valgomaten og der dukka de opp. Visste ikkje at det fantes eit parti som heite Vindafjordlista ein gong!,» seier ho. «Vekommen!, seier eg.»

Vindafjordlista (VL) er ei samling av lokale eldsjeler som ved eit stortingsval ville stemt på vidt forskjellige parti, men som meiner at i drifta av ein kommune så må ein finne lokale løysingar på lokale utfordringar og muligheter – utan sentrale føringar. Felles for alle på lista er at me vil noko for heile Vindafjord.

Den største utfordringa lokalt er dei 300 færre barn og unge, som framskrivingane seier me vil ha i kommunene berre dei neste åra. Nedgongen i unge skjer samstundes som tal på eldre aukar, fort. Det er dramatisk. Dramatisk for næringslivet, dramatisk for bumiljø og dramatisk for kommunal drift – både økonomisk og ikkje minst personellmessig. Klarar me ikkje å ta vare på yngre innbyggjarar, vil me heller ikkje klare å ta vare på dei eldre innbyggjarane.

Dette er utfordringar me ikkje kan spara oss ut av. Sjølvsagt skal ein ha ei fornuftig pengebruk, men me må også våge å satse. Kontinuerlig effektivisering og forbetring i drift er noko ein må jobbe meir systematisk med. Med mål om å nytta ressursane våre på ein slik måte at det skapar mest mogeleg verdi for innbyggjarane våre. Men det viktigaste er at me har ein stødig og målretta politikk, som gjer det attraktivt å leva og bu i Vindafjord, også for unge innbyggjarar.

Derfor er mykje av ideologien som ligg til grunn for Vindafjordlista, tufta på tiltak nytta av andre distriktskommunar som har lukkast med å snu befolkningsnedgongen, også blant yngre innbyggjarar. Korleis skapar me tilknytning, identitet og gode oppvekstvilkår? – Ting forskning viser at er avgjerande for at folk bli verande/kjem tilbake.

I programmet vårt finn de 75 enkelttiltak som me trur er viktige for å vidareutvikla kommunen vår. Der finn de alt frå korleis me kan ha betre samspel med næringsliv og grendane, til leksefri og meir penger til vedlikehald utan å kutte i øvrig drift.

Vindafjordlista skil seg frå dei andre listene ved at me har eit tydeleg fokus på samskaping og utviklingskultur.

Felles utfordringar, krev felles løysingar. Her har kommunen eit viktig ansvar som tilretteleggar og tillitsombud. Bygdene, innbyggjarar, nærlingsliv og eldsjeler er viktige bidragsytarar for å få fram dei gode løysingane. Då er ein avhengig av at kommunen legg opp til opne og inkluderande prosessar.

Viktigast i alt samarbeid er til sist at ein har tillit til kvarandre og stoler på at ein vil kvarandre vel. I Vindafjord skal det vera tydeleg både i handling og omdømme at ein har eit felles ynskje om å få det til i lag.

Vindafjordlista ynskjer å ha ei viktig rolle i fornyinga og vitaliseringa av lokalpolitkken. Stem på Vindafjordlista om du, som oss; Vil noko, for heile Vindafjord. Velkommen!

På vegner av alle listekandidatane på Vindafjordlista

Ingvild Arianson