Vegvesenet skriv at dei nå opplever ei trafikkåtferd som både er ulovleg og i verste fall livsfarleg.
— I løpet av første veke på anlegget har me registrert tre slike tilfelle. Dette er alvorleg, seier ein sterkt prega byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen i pressemeldinga.
– Slik kan vi ikkje ha det
— Me sprenger på staden, og er redde for at trafikantar skal hamna inn i ein salve med dei alvorlege konsekvensar det i verste fall kan få, legg han bekymra til.
— Slik kan vi ikkje ha det, og vil minna om at trafikkdirigentar er der for ein grunn. Og det er for å sørga det som alltid kjem først for Statens vegvesen på alle våre 10.600 kilometer med veg: Nemleg sikkerheita, seier han med ettertrykk.
Nullvisjon for drepne og hardt skadde
I pressemeldinga skriv Statens vegvesen at trygge vegar er eit samfunnsoppdrag dei og samarbeidspartnarar kvar dag, heile året, går dedikert inn for å løysa, i tråd med nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken.
— Då er det heilt avgjerande at trafikantane tek sin del av ansvaret her, mellom anna ved å følga signal frå trafikkdirigentar. Vi ønsker ikkje å setja nokon i potensielt farlege, og spesielt ikkje livsfarlege, situasjonar. Det gjeld alle stader der det er vegarbeid, og særleg der vi sprenger. Vi har ingen fleire å mista. Følg lysregulering og trafikkdirigentane sine beskjedar, for vårt alle sitt beste, appellerer Stange.