Elin Tvedt gjesta Grannar-podden sist haust.
Elin Tvedt gjesta Grannar-podden sist haust. FOTO: Grethe Hopland Ravn

I samtale om kjendislivet

Elin Tvedt (49) er gjesten i Grannar-podden denne gong, og kan sjå tilbake på eit yrkesliv som er litt annleis enn alle andre sambygdingar sitt. I denne episoden får lyttarane også innblikk i korleis livet som kjendis faktisk var.

I meir enn halve livet sitt har Elin Tvedt frå Ølen vore ein person som folk kjenner igjen på gata. Og det har forundra henne meir enn ein gong, kor godt folk hugsar. Når ho ser tilbake på tida som både vêrmeldar og seinare programleiar, er det mange følelsar som melder seg. Dei aller fleste positive, og ho ser på seg sjølv som privilegert som har fått vera med på så mykje spennande.

— Eg fekk oppleva å veksa opp i TV2 og med den gjengen som jobba der. Det var ein fantastisk kjekk gjeng, og eg gledde meg til å gå på jobb kvar einaste dag, seier Elin Tvedt.

Me måtte tåla mykje kritikk frå både pressa og andre ettersom me ikkje var meteorologar

Elin Tvedt, tidlegare vêrmeldar

Ville satsa på musikk

Ho var Vaka-buen som drøymde om to ting då ho var lita. Det eine var at ho ein vakker dag skulle flytta til Ølen. Å vera busett på Vaka var alt for langt unna sentrum, så draumen var å bu i Ølen sentrum. Den andre store draumen var å bli den neste Madonna, og allereie som 21-åring gav ho ut sin første singel i lag med jentegruppa som hadde det fengjande namnet Cybernetts. Med denne gruppa reiste ho land og strand rundt i eitt års tid og spelte konsertar både på store arrangement, til og med på TV. Det gav meirsmak og ho søkte seg inn på musikk-studie. Å vera student er ikkje så lukrativt om ein berre skal leva på lånte pengar, og i tillegg var skulen ein dyr skule, så Elin Tvedt måtte skaffa seg ein ekstrajobb ho kunne ha for å få litt inntekt.

— Eg opna Aftenposten ein dag og søkte på alle dei ledige stillingane eg fann der, og tilfeldigvis var ei av stillingane ei utlysing etter to nye vêrmeldarar på TV2. Eg blei kalla inn på intervju, og var heldig og fekk jobben, seier ho.

Over 100 søkjarar

Elin Tvedt må ha gjort inntrykk for det var over 100 som søkte på jobben som vêrmeldar, og ein av grunnane til at ho imponerte intervjuarane var at ho var så naturleg og avslappa framfor kamera.

Frå starten av fekk både Tvedt og dei andre vêrdamene mykje merksemd, både av god og ikkje-god art.

— Me måtte tåla mykje kritikk frå både pressa og andre ettersom me ikkje var meteorologar, og eg følte ofte at pressa var på jakt etter ting dei kunne ta oss på. Det gjorde meg ganske paranoid, innrømmer ho.

I løpet av det første året gjekk Elin Tvedt frå å vera ei anonym ung dame i starten på 20-åra, til å bli superkjendis. Spesielt sommaren 1997 eksploderte det.

— Då hadde eg jobba som vêrmeldar i eitt år og då sommaren kom, kjem også det me kallar agurk-tida. Altså feriemånadane det skjer lite, og pressa må vera kreative for å lage saker. Då blei det plutseleg veldig interessant å skriva om alt eg gjorde og føretok meg, og etter den sommaren heldt det seg slik i mange år, seier ho.

Med pressa på slep

Frå den gong og fram til i dag kan Elin Tvedt sjå tilbake på fem år som vêrmeldar i TV2, ho kan sjå tilbake på fem sesongar som programleiar for 71 grader nord, vert for frukost-tv i NRK, for å nemna noko. Og heile tida har ho levd med ei presse som har vist stor interesse for henne, i både medgang og motgang.

For Elin Tvedt, som faktisk følgde draumen om å flytta til Ølen og som har eit nært og godt forhold til heimbygda si, har det ikkje alltid vore like enkelt å prøva å leva eit normalt liv, når deler av alt ein gjer og seier blir slått opp i media som underhaldning for folk.

I andre episode av Grannar-podden får lyttarane bli kjent med Elin Tvedt og historia hennar, og kva ho gjer og engasjerer seg i, i dag.

Grannar-podden

Grannar-podden er eit nytt tilbod til alle som er glad i lokalt innhald frå Etne og Vindafjord.

Den hadde premiere torsdag 5. oktober. Då med Lars Øvernes frå Etne som gjest.

19. oktober er episode 2 ute, med TV-profilen Elin Tvedt frå Ølen som gjest.

Du finner Grannar-podden på Spotify og dei andre stadane du laster ned dine podcastar.

Har du tips om kven me bør invitere til samtalar i Grannar-podden? Send e-post til tips@grannar.no