Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (f.v.), Sir Lundal Hustveit, Turid Straumsøy og varaordførar Andreas Grumheden er klare for TV-aksjonen i Etne. Foto: Svein-Erik Larsen
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (f.v.), Sir Lundal Hustveit, Turid Straumsøy og varaordførar Andreas Grumheden var med i aksjonsgruppa for TV-aksjonen i Etne i fjor. Arkivfoto: Svein-Erik Larsen

Gjer ein innsats for krigsråka barn

Søndag er det tid for årets TV-aksjon, som går til Redd Barna sitt arbeid for å hjelpe barn som blir råka av krig og konflikt. Saka engasjerer aksjonskomiteane i Etne og Vindafjord sterkt.

— Det kunne ikkje vore meir aktuelt. Me får tematikken inn i stova gjennom TV-ruta kvar kveld, seier Turid Straumsøy.

Ho er med i aksjonskomiteen i Etne saman med Siri Lundal Hustveit, Solveig Stølås, Kenneth Karlsen, ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim og varaordførar Andreas Grumheden. Dei hadde eit førebuande møte for ein månad sidan. Tysdag var dei godt i gang med å gjere klar bøsser.

— Det er kjekt og givande å vere med i komiteen, seier Lundal Hustveit.

Tradisjonell innsamling

TV-aksjonen blei arrangert for første gong i 1974 og er den største innsamlingsaksjonen i verda målt i innsamla midlar per person og tal på frivillige. Med unntak av då koronarestriksjonar gjorde at innsamlinga berre blei digital i 2020 har TV-aksjonen følgt same mal som den gjer i år.

— Det blir ein tradisjonell TV-aksjon der me går rundt med bøsser, fortel Bergsvåg Ekrheim.

Så langt har cirka 45 bøsseberar meldt seg. På søndag hentar dei bøssene sine på Etne tinghus og Skånevik Fjordhotel. Bergsvåg Ekrheim opplyser at det totalt er 31 roder, men at nokre er så lange at dei må ha fleire for dekke dei.

— Førebels har det gått greitt å få bøsseberar. Det er nokre roder i Skånevik som ikkje er inndekka ennå, men dei fleste er det, seier ordføraren.

Kommunen har sjølv løyva 30.000 kroner til TV-aksjonen.

Bøssene er klare. FOTO: Svein-Erik Larsen

Sterke kjensler

Årets TV-aksjon har tittelen «La barn leve i fred». Pengane går blant anna til å gi barn høve til å gå på skulen, gjenforene barn med familien dei har kome bort frå, støtte tidlegare barnesoldatar, trygge leikeområde der barn kan utfolda seg, hjelp til å handtera vonde opplevingar, og at barn som har flykta til Noreg får ei aktiv fritid. Bergsvåg Ekrheim ser årets formål som noko av det viktigaste og mest aktuelle i verda nå.

— Barn i krig er noko me alle har medkjensle med, seier ho.

Inntektene frå TV-aksjonen blir fordelt mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg. Bergsvåg Ekrheim framhevar viktigheita av å få fram at hjelp til  barn råka av krigstraume som har komme til Noreg også er med. Også i Vindafjord skapar årets sak sterkt engasjement.

— Det er kjempegode tiltak. Med det bakteppet som er i verda bør folk gi så det monnar, for det trengs, seier Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal.

Vil ha med fleire

Koordinator Mona Kristina Haraldseid for kommunekomiteen fortel at det er 120 roder ved årets TV-aksjon i Vindafjord. Vierdal fortel at dei manglar nokre bøsseberar, men at dei reknar med å komme i mål. Det er i Ølen behovet er størst.

— Eg vil absolutt oppmode folk der som har tid og høve til å melde seg til å ta ein søndagstur, seier ordføraren.

I tillegg til turane rundt med bøsser på søndag hadde Vindafjord ein ringeaksjon til lokale bedrifter på tysdag. Haraldseid opplyser at dei fekk inn cirka 123.000 kroner og framleis ventar på svar frå nokre bedrifter.

— Det er kjempebra at næringslivet bidrar, seier Vierdal.

Onsdag fortel Vierdal at dei har fått inn 5.000 til frå ei bedrift. Haraldseid seier at dersom fleire bedrifter ønskjer å bidra er det berre å ta kontakt. Vindafjord kommune gir sjølv 25.000 til TV-aksjonen.

Katharina Håvardstein (f.v.), Kristin Schibevaag, ordførar Ole Johan Vierdal og Paul Fuglestein stilte opp under TV-aksjoen i Vindafjord i 2022. Arkivfoto: Privat

Under TV-aksjonen i 2022 blei det samla inn totalt 842.576 i Grannar-distriktet. Av desse kom 629.528 inn i Vindafjord og 213.048 i Etne. Dei seinare åra har betaling med Vipps blitt ein stadig større del av TV-aksjonen. Sjølv om den nasjonale innsamlinga av 266,2 millionar var rekord, gjekk talet kontantar i bøssene ned frå 347.000 i 2014 til 168.000 i fjor. I Etne var 79.868 av bidraga i 2022 gitt med kontantar.

— Det er mindre kontantar i omløp enn tidlegare, men det er framleis ein del som tek ut kontantar for å putte på bøssene. Me tenker at den oppveksande generasjonen går meir og meir over til å bruka vipps og QR-kode ved TV-aksjonen i år og kommande år. Det viser seg imidlertid at det er viktig at bøsseberarane kjem og bankar på dørene. Under pandemien var det fleire digitale aksjonar og det gav eit betydeleg lågare resultat, seier Haraldseid.

Ho sender ein stor takk til alle frivillige som gjer at dei klarer å gjennomføre TV-aksjonen på ein god måte.