Larsemann Lundal er gjest i Grannar-podden, der han fortel om livet på Markhus - og Markhusfjella gjennom sine 81 år. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Larsemann Lundal er gjest i Grannar-podden, der han fortel om livet på Markhus - og Markhusfjella gjennom sine 81 år. Foto: Grethe Hopland Ravn

Larsemann om livet

Larsemann Lundal (81) er hovudpersonen i den nye utgåva av Grannar-podden og her får lyttarane eit lite djupdykk i livet til fjellentusiasten frå Markhus i Åkrafjorden. Han lever og andar for fjellheimen, og kjem med ei spesiell utfordring til barnebarna.

Det er ein nær og personleg samtale lyttarane får ta del i om dei peilar seg inn på Grannar-podden denne veka. Larsemann Lundal fortel om livet og oppveksten i Åkrafjorden, og tar lyttarane med inn i både skulegang, utdanning, yrkesliv, friluftsliv, og ikkje minst familieliv. Når Larsemann får oppsummera livet sitt i korte ordlag, er han tydeleg:

— Eg har hatt eit veldig godt liv!

Lars og Lars…og Lars

Han heiter eigentleg «berre» Lars til førenamn, men då han gjekk på skulen på Markhus i sin barndom var det ikkje mindre enn sju andre på skulen som også heitte Lars den gong. Dermed fekk fleire kallenamn, og Larsemann blei Larsemann på livstid.

I podkast-episoden får lyttarane høyra om livet på Markhus før i tida. Då var dei over 30 elevar på skulen, dei hadde både krambu, post, telegraf, notlag, sagbruk og skule i bygda, og så gjekk dei annankvar dag på skulen. På Markhus budde det den gong mellom 60 og 70 personar. I dag er det berre seks igjen. Larsemann likte seg godt på skulen, og var svært dyktig i bokføring og rekning. Det var favorittfaga hans. Engelsk derimot kan han ikkje, for det har han aldri likt. Han hadde også ein kreativ måte å snika seg unna engelsktimane på.

— Kvar gong me skulle ha engelsk var eg «uheldig» og sparka fotballen på fjorden. Då var det sjølvsagt min jobb å henta ballen igjen, og for å få det til måtte eg ut i båt. Det tok såpass lang tid at då eg endeleg kom tilbake til skulen med fotballen under armen, var engelsktimen slutt. Slike «uhell» skjedde aldri før bokføringstimane, seier han med eit smil på lur.

Kvar gong me skulle ha engelsk var eg «uheldig» og sparka fotballen på fjorden

Larsemann Lundan

Markhus

Larsemann har budd på Markhus i heile sitt liv – bortsett frå tre år på Hiksdal i Ølen då han var gutunge. Faren kjøpte ein gard der, men Larsemann lengta heim igjen til Markhus og spesielt til bestefaren som dreiv krambua der, og som var ein person Larsemann såg veldig opp til. Så blei bestefaren så gamal at han ikkje ville driva krambua lenger, og Larsemann og familien flytta heim igjen slik at faren kunne overta drifta av krambua. Det var ein lykkedag for den vesle guten. Sidan den gong har han alltid budd på Markhus, og har ingen planar om å gjera noko med det – nokon gong!

Livet på Markhus har alltid vore godt. I oppveksten budde han over krambua i lag med foreldra, tre søsken og besteforeldra. Faren jobba som vegarbeidar før han overtok krambua, og mora styrte telegrafen. Det var liv og røre rundt dei heile tida, i tillegg til at alle i bygda var flinke til å møta opp når det blei arrangert forskjellig i både ungdomshus og bedehus. I tillegg gjekk hovudvegen gjennom Åkrafjorden rett forbi huset deira, og det var mange på gjennomreis som stoppa innom.

Om livet

Etter grunnskulen gjekk vegen vidare til Norheimsund på handelskule, og etter eitt år der kom Larsemann tilbake til Markhus og starta yrkeskarrieren sin i Vegvesenet. Det er ein levande engasjert 81-åring lyttarane får høyra i utgåva av Grannar-podden, der han fortel om livet som både vegarbeidar, krambumann, politikar, ordførarvervet, og ikkje minst som ektemann, far, bestefar og oldefar. Lyttarane får også høyra om livet på Larsebu i Markhusfjella, om konkurranseinstinkt, matauk frå naturen, fiskemiddagar og arbeid på gamlemåten med rein muskelkraft. Og om dramatiske timar på fjorden då ein nabo gjekk gjennom isen på sjølve julaftan.