Ein av passasjeren på ferja som ikkje får lagt til kai i Arsvågen grunna vinden har tatt dette bildet.
FOTO: TIPSAR
Ein av passasjeren på ferja som ikkje får lagt til kai i Arsvågen grunna vinden har tatt dette bildet. FOTO: TIPSAR

E39: Ferjesambandet er opna

Ferjesambandet på E39 over Boknafjorden opna rett før klokka 20, etter at stormen har roa seg.

Inntil vidare går ferjene frå Hanasand på sørsida.

— Ferjene vil gå tilbake til vanleg rute frå Mortavika fredag morgon, melder Vegtrafikksentralen.

Ferjesambandet har vore stengt sidan 15-tida torsdag.

To ferjer var liggande lenge på vent utafor Arsvågen, med passasjerer om bord.

— Det er himla mykje vind, seier ein passasjerer som er om bord i en buss på den aktuelle ferja like etter klokka 15.30.

Ferjesambandet Mortavika-Arsvågen er stengt. FOTO: STATENS VEGVESEN/WEBCAM

Cirka klokka 15.50 vart passasjerane orientert om at dei må vere om bord minst eit par timar.

Men klokka 17.15 var vinden løya slik at ferjene kunne gå til kai.

Karmsund bru stengt

Klokka 15.38 blei Karmsund bru stengt. Der har vinden mellom anna blåst ein takboks av ein bil, melder Haugesunds Avis.

Flyselskapet SAS kansellerte tidlegare i dag to flygningar til og frå Haugesund og Stavanger.

No vurderer også både Norwegian og Widerøe kanselleringar på Vestlandet, skriv VG.

Klokka 16.15 melder Statens Vegvesen om at det er innført kolonnekøyring på E134 over Haukelifjell, mellom Vågslidtunnelen og Haukelitunnelen.

— Alle bør vurdere sin eigen sikkerheit

Sør-Vest politidistrikt vart ringd ned om vêrhendingar då stormen stod på som vers.

— Generelt mottar politidistriktet ein lang rekke vêr-relaterte hendingar frå heile distrtiktet. Fleire tak har lausna, tre over vegbanen, lause gjenstandar, velta straumstolpar og mindre steinras. Alle innbyggarar bør vurdere sin eigen sikkerheit, melder politiet på X.

110 Sør-Vest fekk også meldingar frå heile Sørvestlandet.

— Vi har fleire hendingar i vårt distrikt. Mykje tre over veg, ein del takpanner som bles og andre sikringsoppdrag i forbindelse med vinden som pågår. Dette skjer frå Bømlo i nord til Sola i Sør, skriv dei på X.

Politiet koordinerte alle hendingane saman med kommunane, brannvesenet og Vegtrafikksentralen.

— Det er ikkje meld om personskadar så langt, skriv Sør-Vest politidistrikt på X klokka 16.22.

Nettselskapet Fagne sitt kart over straumutfall viser førebels to hendingar på Haugalandet. Ein nord i Haugesund og ein på Karmøy. Det jobbast for å utbetre feila.

Ved 17.30-tida var 232 kundar i Vindafjord er utan straum, melde Fagne på si heimeside. Årsaka er truleg trefall knytt til den sterke vinden.

Klokka 20.000 var det ikkje meldt om spesielle hendingar i Etne.