Det neste døgnet kan blir særs vått i Grannar-distriktet.
Illustrasjon: Meteorologane på X.
Det neste døgnet kan blir særs vått i Grannar-distriktet. Illustrasjon: Meteorologane på X.

Oppgradert farevarsel: Ventar svært mykje nedbør i Grannar-distriktet

Meteorologane har sundag kveld oppgradert farevarselet for regn til oransje for delar av Vestland, Rogaland og Agder.

Heile Grannar-distriktet er omfatta av varselet, som gjeld fram til klokka 10 måndag, og som skuldast eit stormsenter som kjem inn frå vest det neste døgnet.

— Kombinasjonen av sterk vind og fuktig luft gir svær mykje nedbør i området. Lokalt kan det kome 60 millimeter nedbør på 6 timar og 80 millimeter på 12 timar, heiter det i varselet.

Det neste døgnet kan blir særs vått i Grannar-distriktet.
Illustrasjon: Meteorologane på X.

Oransje fare

Dette betyr oransje farevarsel for nedbør:

Anbefalingar:

• Vurder behovet for førebyggjande tiltak

• Følgj lokale styresmakter sine instruksjonar, og råd frå beredskapsmyndigheitene

• Behovet for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar

• Vurder om reisa er naudsynt Sjekk vegmeldingar (175.no) Tilpass farten og køyr etter tilhøva

Konsekvensar:

• Fare for overvatn i tettbygde område Sjå www.varsom.no for meir informasjon

• Fare for stengde vegar og/eller overvatn ved bekk- og elveløp

Mange reiser vil kunne få lengre reisetid

• Vanskelege køyreforhold grunna overvatn og fare for vassplaning

• Vegbanen kan lokalt bli dekka av våt is

• Nokre stader vil midlertidig kunne miste vegsambandet, gjerne fleire dagar.

Kjelde: yr.no