Solveig Hortman er gjest i neste episode av Grannar-podden
Foto: Grethe Hopland Ravn
Solveig Hortman er gjest i neste episode av Grannar-podden Foto: Grethe Hopland Ravn

Lagar seg gode dagar

Solveig Hortman (56) frå Vikebygd er gjest i den første Grannar-podden i 2024. Sørlendingen blei vestlending, ho stortrivst med livet i Vikebygd, og møteplassar for bygdefolket er noko av det ho set høgast.

Skal det bli liv og røre i ei lita vestlandsbygd er det stort sett bygdefolket sjølv som må ta affære. Det er Solveig Hortman fullstendig klar over, og brukar som regel ikkje mange sekundane på å seia ja om ho får spørsmål om å bidra litt. 56-åringen er ei livleg dame med mange jern i elden, og ho har mange namn; musikaren, brannverndama, politikaren, for å nemna nokre av dei. Men noko av det finaste med Solveig, er at ho har ein eigen evne til å bestemma seg for at ho skal ha ein god dag.

— Eg tar ei avgjerd på at denne dagen skal bli ein god dag, og at eg skal gjera det eg kan for at dei rundt meg også skal ha ein god dag. Det trur eg er ein god ting, seier ho.

Opna heimen sin

I denne podcast-episoden får du bli betre kjent med Kristiansand-jenta som vaks opp med ei storesøster, men som skulle hatt både ein bror og ei søster til. Foreldra hennar opplevde å mista to barn før Solveig blei fødd. Først døydde eldste søstera av sjukdom, og berre nokre år etter det drukna storebroren hennar då han berre var seks år.

— Eg vaks opp med foreldre som bar på ei sorg, og det har vore viktig for meg at ikkje sorga skulle definere kven eg var, seier ho.

At ho hamna i Vikebygd var veldig tilfeldig. Ho jobba på Color Line og det gjorde at vegane mellom henne og ein ung mann frå Vikebygd skulle kryssast. Dag blei mannen i hennar liv, og til sommaren kan dei feira sølvbryllaupsdag. Sonen Birge og dottera Ada har i dag flytta ut av reiret, men som ho seier:

— Når huset blir tømt, må me fylla på.

Derfor har dei gitt ein ung gut på snart 18 år ein heim. Han kom til dei samtidig som pandemien stengde landet for fire år sidan, og Solveig synest det har gjort liva deira endå rikare.

Branndama

I podcast-episoden kan lyttarane også få høyra 56-åringen snakka om engasjert om yrket sitt, som er kompetansekoordinator i Haugaland Brann og redning IKS, og branningeniør i brannførebyggjande avdeling i Vindafjord kommune.

Kva er gode og dårlege rutinar for brannførebygging i ein heim? Kva er viktig å tenkja på til kvardags, og kva er det største forbetringspotensiale hos folk? Dette er spørsmål Solveig meir enn gjerne snakkar om. Ho kjem også med ein oppsiktsvekkjande opplysning når det kjem til barn og ungdom, og kor mykje som skal til for å vekkja dei når alarmen går.

Lenke: Høyr alle episodane av Grannar-poddden her.

I sin ungdom kjøpte den etterkvart så etablerte vikebyen seg saksofon. Ho har også spelt althorn, og snakkar elles litt om sitt forhold til både musikk og speling. I tillegg har ho engasjert seg i lokalpolitkken for Senterpartiet. Så har ho ein fobi! Når du får høyra kva Solveig faktisk er ganske redd for, kan det hende du blir ein smule overraska.

Dei gode møteplassane

Dei gode møteplassane er noko Solveig synest er utruleg viktige i eit bygdesamfunn. Derfor har ho gladleg vore med på å etablera det faste innslaget med grilling i båthamna kvar andre måndag i månaden – uansett vêr.

— Folk må jo ha mat uansett, så kvifor ikkje eta eit måltid i månaden i fellesskap, spør ho.

Vikebygd er gode på å laga møteplassar for folk, og for Solveig er det like kjekt med møteplassane både vinter og sommar, sjølv om bygda aukar folketalet betrakteleg i sommarmånadane når hyttefolket kjem.

Og så var det kongen då! Av seks valte skribentar fekk Solveig Hortman ved nyttår vera ei av dei som fekk skriva om tankar og håp for 2024 i lokalavisa. Og eitt av ønska ho hadde på lista si var at kongen og dronninga skulle koma på besøk til Vindafjord. Så gjekk det berre nokre få dagar, og så annonserer dei jammen santen sitt besøk.

Kva sørlendingen tenkjer om dette, får du svar på i Grannar-podden.