Harald H. Løland, fylkestingsrepresentant for Sp og Lisa Marie Ness Klungland, stortingsrepresentant for Sp.
FOTO: SENTERPARTIET
Harald H. Løland, fylkestingsrepresentant for Sp og Lisa Marie Ness Klungland, stortingsrepresentant for Sp. FOTO: SENTERPARTIET

Heimevernet er avhengig av at det bur folk i distrikta

Me er avhengige av god lokalkunnskap og at det bur folk i heile landet. Lokalisering av ei rekke store og strategisk viktige verksemder med kritisk energi-infrastruktur, gjev Rogaland ein spesiell posisjon i den nasjonale totalberedskapen. Snart er det HV-øving i vårt område. Det skal me setja pris på. Me treng forsvar i heile landet.

HV-området i Indre Ryfylke, det vil seia Vindafjord, Suldal, Sauda og Hjelmeland, er eit viktig område. I dag manglar HV-området folk, trening, ammunisjon, struktur og utstyr. Det held ikkje. Mangel på utstyr er i første rekke avhengig av økonomiske prioriteringar.

Men for å få nok personell med lokalkunnskap er ein heilt avhengig av at det faktisk bur nok folk i området. I førstegongstenesta ser me fleire og fleire frå byane, og færre frå distrikta.

Eit velfungerande heimevern treng lokalkunnskap og folk som kan skaffa nødvendig hjelp og utstyr i ein kritisk situasjon. Heimevernet er avhengig av å kunne ringe ein venn – få tak i matvarer utanom stengetid, få tilgang til traktor og snøscooter på kort varsel – det går av seg sjølv om dei som tenestegjer er ein del av lokalmiljøet. Heimevernet treng praktikarar og fagfolk som kan snikra, mekka, køyra traktor. Dei som kjenner til kor dei viktige objekta faktisk er, som i det daglege stiller spørsmål om mistenkeleg aktivitet rundt desse og veit kor eventuelle ressursar ein treng ligg. Kjem me i situasjonar som lengre straumbrot, ekstremvêr, naturkatastrofar eller i verste fall krig er me avhengig av det som er rett rundt oss.

Senterpartiet er opptekne av tryggleik i heile Noreg og nasjonal kontroll. Dagens sikkerheitspolitiske situasjon viser meir enn nokon gang kor viktig sikkerheits- og forsvarspolitikken er. Senterpartiet skal sikra eit styrka nasjonalt forsvar og nasjonal sikkerheit.

Sidan Senterpartiet kom inn i regjering har me auka løyvingane til Forsvaret med 40 prosent. Rett etter at Putin invaderte Ukraina løyva me tre milliardar kroner for å auka aktiviteten og beredskapen til Forsvaret. Dette var særleg retta mot meir trening, øving og segling. I tillegg har me kjøpt fleire stridsvogner, helikopter og meir luftvern.

Heimevernet er ein svært viktig del av den lokale beredskapen. Me har auka både midlar, treningstimar, våpen, kompetanseheving for å betra den operative evna. Det må me fortsetta med. Men me må òg sikra at fleire vel å busetta seg i distriktskommunar.

Langtidsplanen for forsvarssektoren kjem nå snart, og viser ein viktig veg på korleis me skal innretta vårt forsvar i ein krevjande sikkerheitssituasjon. I haust kjem planen på totalberedskap. Me har godt kunnskapsgrunnlag og me skal bli godt rusta til å ta imot utfordringar i framtida. Å rusta opp heimevernet er ein viktig del av det.

Lisa Marie Ness Klungland, stortingsrepresentant for Sp

Harald H. Løland, fylkestingsrepresentant for Sp