Ein sentral del av utbygginga er ny administrasjon, personalrom, lager og fleire grupperom. Ein gang gjennom heile den nye delen bind saman dei gamle bygningane.
Skjold barnehage. Arkivfoto

Grunnbemanninga i Skjold barnehage må aukast nå!

 

 

Dersom ikkje grunnbemanninga i barnehagen i Skjold blir auka, er det mykje som står i fare for barna, for foreldra, og for Vindafjord kommune. Og det hastar. Medan me gjer alt me kan for å gje barna ein god start i livet, har me i vinter opplevd krise frå dag til dag, der det til og med har vore nødvendig å stenge avdelingar mange dagar. Flinke kollegaer har slutta og dersom kommunen ikkje snarast tar situasjonen på alvor og sikrar oss tilsette ein sjanse til å gjere jobben slik vi så sterkt ønskjer, så fryktar vi langvarige negative konsekvensar. Slik treng det ikkje bli.

«Du skal få ein dag i måro som rein og ubrukt står med blanke ark og farjestifter tel», skreiv Alf Prøysen. Barna blir fødd med eit blankt ark. Me skal vere med på å fylle inn det grunnleggande viktige frå tidleg alder. Me skal vere med på skape ein trygg og robust grunnmur, slik at barna får bli den beste versjonen av seg sjølv. Barnehagen er det første møte barna får med utdanningsløpet og legg grunnlaget for livslang læring. Me som arbeider i barnehagen opplever at  vi har verdas viktigast oppdrag.

Likevel har overskriftene i media den siste tida vore «bemanningsalarm», «bemanningskrise i Vindafjord», «14 år gamle jenter brukt som vikarar», «Foreldra reagerer på barnehagetiltak», «mangel på vikarar i skjold barnehage», «kritisk lite arbeidskraft» og så vidare. I fleire år har me, pedagogane i Skjold barnehage, ytra vår bekymring om bemanning både gjennom Utdanningsforbundet og til leiinga i kommunen. Me hadde og Grannar på besøk som laga ein reportasje om bemanning i barnehagen, og også då poengterte me behov for fleire vaksne i barnehagen slik at me kan følgje opp dei enkelte barna på ein god måte. Nå ser me oss nøydde til å nok ein gong uttale oss, og denne gongen blir det meir eit nødrop.

Me har frå august månad tatt i bruk handlingsplanen fleire titals gonger, i praksis ein kriseplan med forskjellige tiltak. Nå er situasjonen blitt så alvorleg at me ikkje får tak i nok vikarar og mange dagar derfor har vore nøydd til å stenge heile avdelingar. Det er dessverre slik at først når me har måtte gjere slike tiltak, som går utover foreldre og dermed arbeidsgjevarar, at situasjonen blir sett på dagsorden og tatt skikkeleg opp.

Når da handlingsplanen blir tatt i bruk etter at siste stein er snudd, oppleve me føresette som møter oss med forståing og som trør til. Ikkje ein gong har me fått negativ tilbakemelding i barnehagen, sjølv om frustrasjonen kan vera stor. Føresette som ikkje får gått på jobb på grunn av stengt avdeling gir ringverknadar i samfunnet, for arbeidstakarar og arbeidsgivarar, men det gjere det og for barna som mister viktige dagar i barnehagen.

Som pedagog og tilsett i barnehage har me eit samfunnsmandat ut frå rammeplanen om å jobbe for barnets beste. Det betyr at «Alle handlingar og avgjerder som gjeld barnet, skal ha barnets beste som grunnleggjande omsyn», jf. paragraf 104 i Grunnlova og artikkel 3 nr. 1 i barnekonvensjonen. Det er eit overordna prinsipp som gjeld for all barnehageverksemd. Me er også plikta etter paragraf 42 i barnehagelova å «sikre at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø». Vindafjord kommune har også i «Handlingsplan for eit godt psykososialt miljø i barnehage og skule» blant anna skrive at me skal ha fokus på relasjon og at barna må oppleve at me har tid til dei. Etter at grunnleggjande verdiar som omsorg er dekka, er me sjølvsagt heilt samde om dette.

Men korleis tenker ein at dette skal skje med dagens bemanningssituasjon? Med stadig bruk av handlingsplan/kriseplan på grunn av for få i grunnbemanning og for lite vikarar?

Dette får store konsekvensar for barna. Det er mykje flytting av barn, vaksne som driv «brannslokking» i staden for å vera i forkant og tett på. Det er lite forutsigbart og kan for mange virke utrygt. Dei får heller ikkje den oppfølginga dei har krav på både som enkeltbarn og som gruppe, og blant anna pedagogiske opplegg må gå ut. Bruk av handlingsplanen/kriseplanen skaper også stress og uføreseielegheit for oss vaksne. Arbeidskvardagen blir prega av uro, usikkerheit og lite stabilitet. Me får medarbeidarar som er slitne og blir sjukemelde og slik kjem me i ein dårleg spiral.

Gode medarbeidar i Skjold barnehage har sagt opp og gått over i nye stillingar, blant anna på grunn lønnsforskjell på barnehagelærar/pedagogisk leiar, eit stort arbeidspress, uføreseieleg kvardag, og frustrasjon i forhold til bemanning. Me veit at på nåverande tidspunkt søker fleire medarbeidar etter andre jobbar.

Dette er alvor! Det å arbeide i barnehage er ein svært meiningsfylt jobb der me får møte og vere med på å forme nye samfunnsborgarar. Me veit at effektive tiltak tidleg vil lønne seg seinare i livet, og med tidleg innsats vil det også vere økonomisk gevinst for samfunnet. Heldigvis har vi ein styrar som set grenser for kva som er forsvarleg bemanning for å gje det mest grunnleggande av dagleg omsorg og som tar i bruk handlingsplanen/kriseplanen ved å stenge avdelingar når det er det einaste forsvarlege. Me pedagogane er samde om at utan slike tiltak hadde konsekvensane for barna vore endå alvorlegare.

Dei aller fleste av oss som arbeider i barnehage er svært glad i jobben vår og ønskjer å kunne stå i den lenge. Men då meiner me første prioritet må vere att grunnbemanninga må opp. Kommunen (administrasjonen og  politikarar) må nå ta dette på alvor og ta grep om rekruttering, vera framtidsretta og satse på studentar og lærlingar. Vidare må kommunen henge med i tilbod om vidareutdanning og løn. Me har heilt konkrete forslag som kan løyse situasjonen på sikt, men det er viktig å starte nå, slik at me trur på ei framtid der me framleis kan stå i ein jobb der det er mogeleg å gje barna det tilbodet dei fortener. Me ønskjer at barna har magisk gode dagar i barnehagen sin.

Husk: Ein god start i livet får me berre ein sjanse til å gje barna våre!

Pedagogane i Skjold Barnehage

Kjersti Thorbjørnsen Bertelsen

Ingebjørg Haraldseid

Lillian Eikeland

Stina Nordtveit

Cathrine Apeland

Linn Sæbø

Heidi Tofte

Anette Hetland

Anna Nordtveit

Anja Østrem

Ingelin Staknes Hauge

Alice Sirnes

Birgit Strand

Anne Mette Kamp

Linda Frotjold

Alice Frøvik

debatt@grannar.no

Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no

Les meir debatt her.