Området dett frå sør, og som ifølgje innesendar viser utstrekninga av planlagt industriområde frå dagens kai på Dommersnes til bakre kant av det aktuelle området (trinn 3) som følgjer omtrent høgspentlinja på bildet.
Området dett frå sør, og som ifølgje innesendar viser utstrekninga av planlagt industriområde frå dagens kai på Dommersnes til bakre kant av det aktuelle området (trinn 3) som følgjer omtrent høgspentlinja på bildet.

«Kjære kommunepolitikarar»

Kommune og kommunepolitikarar, saman med Westcon, ynskjer at det skal kome gigantindustri på Dommersnes i Vikebygd.  Me har forsøkt å forstå kva dette inneber, men opplever at det er vanskeleg å få informasjon som gjer oss klokare. Det gjer oss urolege at det einaste me får vite er at det er planar om å gjere eit inngrep i  naturen som manglar sidestykke i Vindafjord, ja på heile Haugalandet. Kva industri som kan kome, og om det kan ha positive ringverknader for oss i Vikebygd er høgst usikkert.

Me tok ordet på folkemøtet 20. mars nett på grunn av manglande informasjon og stor usikkerhet kring prosjektet. Me saknar ærligheit! Me opplever at dagleg leiar i A/S Dommersnes Jørgen Jorde er utydeleg i informasjonen, og han prøver iherdig å gje utrykk for at utbygginga er positiv for både miljø og menneske. Han uttrykker ar naturinngrepet ikkje blir stort, og at det kjem til å bli lite synleg frå Vikebygd. Samtidig som han gir informasjon at det er inntil 530 mål som skal bli planert ned til havnivå! Industrien som kjem kan også beslaglegge fjorden fram til midtlinja. Jorde seier at dette kjem til å bli lite merkbart for oss som bur her. Hytter, hus og sjøeigedomar blir kraftig berørt. Brunnavikjo blir utfylt og industri som alt er etablert på Dommernes må bort. Og me skal ikkje merke noko? Jorde seier at han ikkje har kundar enno, men anslår samtidig 100 nye arbeidsplasser!

Me opplever at Jorde har mykje synsing og lite handfast å komme med. Me har fleire gonger spurt om å få illustrasjon på inngrepet, men fekk på møtet til svar at dette er både vanskeleg og dyrt, og at det  er for tidleg å lage det nå. Me innbyggjarar sit att med at me veit det blir eit enormt stort naturinngrep, elles er alt uvisst. Me er også svært uroa og skuffa over kommunen og Norconsult si handsaminga av saka. Me er blitt oppfordra til å kome med høyringsuttalar og mange har sendt svar kring uro om kva belastning utbygginga vil gje for både natur og menneske i bygda. Me opplever at dette er bortkasta arbeid då minimalt av desse merknadane er tatt hensyn til i det vidare arbeidet. Det ligg eit stort ansvar på de politikarar som skal ta avgjerd om eit så stort inngrep i ei så lita bygd. Kva handlar utbygginga om?

• Utvikling av Vikebygd? Der me får tilflytting og får behalde skule og barnehage?
• Det grønne skifte?
• Havvind?
• Inntekter til kommunen?
• Utvikling og inntekter til Westcon?

Me ser ikkje heilt kva denne utbygginga kan gi oss. Kanskje veit og forstår du som politikar kva det handlar om? Kanskje veit du korleis utbygginga kan komme til gode for innbyggjarar i Vikebygd og Vindafjord?  Om du ikkje veit eller forstår, så må du ikkje utsette oss for dette som Westcon og kommunen planlegg. Me som bur her vil bli utsatt for anleggsarbeider med støy og støv både på land og sjø over ein lang periode. Kva industri som kjem i etterkant veit ingen, heller ikkje Jorde (sjølv om han lover arbeidsplassar). Naturen, sjø og sjølinja som blir borte kan aldri reparerast. Me er uroa for bygda vår, naturen, eiga trivsel og helse. Vågar de å utsette oss for dette?

Brit Nelly og Arne Tveit, Vikebygd