Etne brannstasjon
FOTO: Henning Tysvær Nymoen
Etne brannstasjon FOTO: Henning Tysvær Nymoen

Unyansert i Grannar

I ein artikkel blir det gitt inntrykk av at det er ein konflikt mellom konsulentselskapet Einang Safety, som har laga analysar i samband med ny brannordning i Etne, og kommunen. Dette stemmer ikkje.

I artikkelen i Grannar 10. april blir det vist til ein e-post som er sendt frå Einang Safety Consult til Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) i byrjinga av mars. Bakgrunnen for e-posten var å gi nokre kommentarer til DSB i samband med at dei vart bede om å ta ein gjennomgang av dei analysane som er utarbeidd for Etne brann og redning.

E-posten var ikkje ei motsegn, men ei presisering. Kommunen blei på førehand informert om at e-posten ville bli sendt, noko som òg står i e-posten til DSB. Etter at analysane var ferdige i mai 2023, var Einang sitt oppdrag slutt. Då starta prosessen med å setje i verk tiltak frå analysane («brannordninga»), ein prosess som brannvesenet og kommunen jobbar saman om. Analysane gir eit veldig godt grunnlag for korleis Etne kommune skal dimensjonere brann- og redningstenesta i kommunen. Det er med dette som bakgrunnen me no arbeider med ein tiltaksplan som tar hensyn til analysane og økonomiplanen.

Det som ikkje kjem fram i Grannar sin artikkel, er at det har vore mykje god dialog, samarbeid og oppklaringar i denne prosessen. Det har ikkje me hatt moglegheit til å informere Grannar om, og forklare kva som er status i dag. Me fokuserer no på å arbeide tett i lag for å lande denne saka.

Me ønskjer å fortelje innbyggjarane i Etne kommune at kommunen og administrasjonen i brann jobbar godt i lag for å få ein god tiltaksplan som tek vare på brannordninga og den økonomiske situasjonen. Det er det viktigste no. Me har hatt nokre innkøyringsproblem i byrjinga då kommunen skulle ta inn over seg omfanget av den nye brannordninga, og i denne prosessen òg skulle tilpasse seg nytt regelverk med brann- og redningsvesenforskrifta. Men etter fleire gode møte og auka frekvens på samarbeidet, ser vi no at arbeidet ber frukter.

Kommuneleiinga er tydelege på at me burde vore tettare på i prosessen etter at analysane var ferdige, og at me på den måten kunne ha unngått ein del misforståingar, og det står me framleis ved. No gjer me det nødvendige etterarbeidet. Kommunen og brannvesenet jobbar no godt saman for å lage ein oppdatert tiltaksplan som skal sørgje for ein forsvarleg brannberedskap innanfor kostnadsrammer som kommuneøkonomien kan tole. Då er det viktig for konsulentselskapet, kommunen og brannvesenet at vi får gjennomføre dette arbeidet med det positive samarbeidsklimaet vi no opplever, utan negativ medieomtale.

Filippo Ballarin, kommunedirektør Etne kommune
Åsmund Andersen Sekse, kommunalsjef Etne kommune
Finn Ulvund, brannsjef i Etne kommune
Paul Henriksen, dagleg leiar i Einang Safety Consult

debatt@grannar.no

Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no

Les meir debatt her.