Visste du at 8 av 10 personar med utviklingshemming mellom 18 og 25 år er utan jobb? Og at Stortinget har vedteke at berre 500 personar med utviklingshemming eller liknande tilretteleggingsbehov skal få moglegheita til å bli blant dei heldige få som får ein jobb i år? Behovet er minst 1.000 nye tilrettelagde jobbar årleg, seier ferske tal frå regjeringa. Noreg har altså valt å stengje fleirtalet i denne gruppa ute frå arbeidslivet. Det skjer trass i at landet manglar arbeidskraft. Sånn kan vi ikkje ha det.
Difor deltek vi på Spira utvikling AS i den landsdekkande aksjonen Årets Viktigaste Frukost 11. juni. Me har sendt ut invitasjon til Grannar og politikarar i Etne og Vindafjord på frokost hjå oss. Vårt arrangement finn stad i kantina på Spira utvikling, og våre arbeidstakarar med tilrettelagd arbeid gler seg til å servere frukost og kaffi! Same morgon som vårt arrangement, vil vår arbeidsgjevarforeining ASVL og tilsette med tilrettelagd arbeid halde ei markering utanfor Stortinget i Oslo, der også stortingspolitikarane får servert frukost. Saman med liknande bedrifter over heile landet vil vi vise politikarane at tilrettelagd arbeid er ein ressurs for samfunnet, og ikkje ein utgift.
Det er vår bransjeorganisasjon ASVL som står bak aksjonen. Kvar tilsett med tilrettelagt arbeid skaper verdiar for over 60.000 kroner i året. Dette er verdiar Noreg hadde gått glipp av dersom det ikkje hadde vore for arbeidskrafta til tilsette med tilrettelagt arbeid.
Vi vil fortelje politikarane at det må bli slutt på å stenge verdifulle arbeidstakarar ute frå arbeidslivet i ei tid der Noreg skrik etter arbeidskraft. Det er dårleg samfunnsøkonomi. Og det er diskriminering i praksis. Tilrettelagd arbeid er for dei som treng bistand og tilrettelegging for å kunne vere med i arbeidslivet. Våre tilsette kan vere personar med utviklingshemming, personar med psykiske helseplagar, eller personar med sjukdomar og utfordringar som gjer at det å ha andre typar jobbar er vanskeleg.
Felles for dei alle er at jobben gir meining og tilhøyrsle. Personar med utviklingshemming med jobb opplever høgare livskvalitet enn dei som ikkje er i arbeid, seier forsking. Og det er kanskje ikkje så rart? Er det ikkje slik for alle, uavhengig av diagnosar eller livssituasjonar?
Å vere i jobb handlar om å få moglegheita til å bidra til samfunnsøkonomien. Det handlar om å få ein lønsslipp. Det handlar om sommaravslutningar og juleavslutningar. Det handlar om moglegheita til å kjenne at det er godt med helg etter ei lang veke på jobben. I Noreg bør alle som kan og vil jobbe, få ta del i desse moglegheitene. Vi kan ikkje fortsette å stenge folk ute frå arbeidslivet berre fordi dei har nokre utfordringar.
Dørene til arbeidslivet må bli vidare, ikkje trongare. Arbeid må bli mogleg for alle. Og politikarane må byrje no, med å sikre at minst 1.000 nye tilrettelagde jobbar kjem på plass, kvart år.
Carina Opedal
Tiltaksleiar i Spira Utvikling