Einar Tho på hytta si på Bjoa. Frå godstolen i bakgrunnen har han god utsikt over fjorden
Foto: Privat
Frå godstolen ved eitt av dei store vindaugo på hytta i Grunnavåg på Bjoa, har Einar Tho formidabel utsikt rett ut i fjorden. Her trivst han godt, og når han skal finna kvilepulsen igjen etter travle veker, er nettopp denne plassen heilt spesiell. Her slappar han skikkeleg av. Einar Tho er nok ein mann og eit namn som mange kjenner igjen frå Haugesunds Avis. Først som journalist i nærare 10 år, og nå nærmar det seg også 10 år sidan han blei ansvarleg redaktør. Og etter travle arbeidsveker, er det noko heilt eige å kunne komma til hytta for å slappa av. Her tar det han 30 sekund å springa frå dørstokken og ut i sjøen når han skal ha seg ein dukkert, men om han stoppar opp før han stuper uti, er det fin og kvit sandstrand som omgir beina hans. I grunnen er han ikkje så glad i å bada, og relaterer på ingen måte til ordet «badeløve». Han er likevel glad i vatnet, og om han får ha våtdrakt på, stupar han gjerne uti. Her har han både kajakk og sup-brett, mellom to store tre i hagen heng ei hengekøye, og i boden har han utstyr til fridykking om han får lyst til å henta kamskjell. I dag er hytta til Tho ei moderne hytte med både innlagt vatn og totalrenoverte vegger og tak. Då dei kjøpte hytta for 14 år sidan, var det heilt noko anna.
— Den gong var det ei lita hytte me kjøpte, med snurredass, eternitt-tak, og ikkje offentleg vatn, som gjorde at hytta berre kunne brukast sommarstid. Men det hadde sin sjarm det også, sjølv om det var ganske trongt og primitivt, seier Tho.
Gamlehytta får utbygginga starta
Foto: Privat
Dobla arealet
Etter nokre år med sparing og planlegging, starta dei å renovera hytta. Tho seier det luraste dei gjorde var å hyra inn ein arkitekt for å hjelpa dei med å finna den beste løysinga for hytta, som trass alt stod på ein stad som var litt vanskeleg å utnytta.
— Me måtte sprenga vekk berg for å få betre uteplass, og me fekk kopla oss på kommunalt vatn slik at me kunne bruka hytta året rundt. Snurredassen gjekk inn i historia, og pussig nok blei det mi oppgåve å tømma dassen, seier han ein smule ironisk.
Då hytta var ferdig renovert og utbygd hadde dei fått meir enn dobbelt så stor plass, dei to døtrene Idunn og Oda hadde fått kvart sitt soverom, og ekteparet Einar og Siv Marit hadde fått eit funksjonelt og oppdatert kjøkken dei kunne boltra seg på.
— Me er begge veldig glade i å laga mat, og me har mange gode måltid på hytta både som familie, men også i lag med naboar me har her, seier Einar.
Einar Tho er elles ein person som likar å ha praktiske gjeremål å boltra seg med, og rundt hytta er det bygd platting på alle kantar.
— Eg er blitt ganske god til å bygga plattingar, seier han med glimt i auga.
Slik såg gamlehytta ut før dei bygde ut
Foto: Privat
Nybygget på gamlehytta tar form
Foto: Privat
Slik ser hytta ut i dag, etter at ho var ferdig utbygd
Foto: Privat
Einar Tho sitt hytteparadis på Bjoa
Foto: Privat
Det er ein spektakulær utsikt frå stoveglaset på hytta til familien Tho
Foto: Privat
Natur i verdsklasse
Det beste av alt er naturen og Einar Tho set umåteleg pris på fjella som omgir han på Bjoa. Det er ikkje få gonger han har sprunge opp til Gråhorga som ragar 740 meter over havet. Som ivrig konkurranseløpar, som deltar i fleire dryge løp kvart år, har han sprunge mykje i fjella i Vindafjord.
— Her har me natur i verdsklasse, seier han, og røper at han er godt kjend med mange av fjelltoppane rundt om i distriktet.
Turmoglegheitene er mange, både på stiar, turvegar og grusveg. Det er kort veg til Olalia, og fjella i bygdene rundt. Det er også flotte turvegar som går mellom bygdene, og to dagsturhytter som er lette å ta seg til.
Einar Tho med varden på Gråhorga i bakgrunnen
Foto: Privat
— Fint på Bjoa
Å leva livet med låg kvilepuls på hytta er i følgje Tho ganske fint. Ute kan dei både steika pizza, og laga mat, det er sitjegrupper dei kan nytta seg av mens dei ser sola gå ned i fjorden bak fjellknausane i sjøen. På seine kveldar kan dei kosa seg rundt bålpanna mens månen heng høgt på himmelen.
— Det er fint. Bjoa er fint, seier han.
Utsikt frå Gråhorga, ein fjelltopp som Einar Tho har vore på mange gonger.
Foto: Privat
Utsikt over Grautevatn i Vikebygd
Foto: Privat
Å fyra opp i bålpanna når månen heng høgt på himmelen er magisk
Foto: Privat