Ingrid Marie Dale har meldt seg på eit rhododendronprosjekt der målet er å finna ut korleis dei ulike typar planter trivst. 
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ingrid Marie Dale har meldt seg på eit rhododendronprosjekt der målet er å finna ut korleis dei ulike typar planter trivst. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 1 av 17
Solide steintrapper fører opp til den øvste delen av hagen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Solide steintrapper fører opp til den øvste delen av hagen. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 2 av 17
Ei seng av roser.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ei seng av roser. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 3 av 17
Også hønene deler Ingrid Marie Dale si interesse for rhododendron.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Også hønene deler Ingrid Marie Dale si interesse for rhododendron. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 4 av 17
Ein magnoliabusk i full blomst trivst godt saman med blå valmuesøster.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ein magnoliabusk i full blomst trivst godt saman med blå valmuesøster. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 5 av 17
Vatn i hagen skapar stemning.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Vatn i hagen skapar stemning. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 6 av 17
Små skilt viser veg i hagen Bak skiltet står ein eplehekk.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Små skilt viser veg i hagen Bak skiltet står ein eplehekk. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 7 av 17
Dekorative innslag med vatn.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dekorative innslag med vatn. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 8 av 17
Eit hol i terrassen måtte til for å ta vare på magnoliabusken.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Eit hol i terrassen måtte til for å ta vare på magnoliabusken. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 9 av 17
Den romantiske hagen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Den romantiske hagen. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 10 av 17
I drivhuset står plantene klar til å få koma ut i det fri.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
I drivhuset står plantene klar til å få koma ut i det fri. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 11 av 17
Steinblokker dannar ei fin ramme rundt plantene i kjøkkenhagen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Steinblokker dannar ei fin ramme rundt plantene i kjøkkenhagen. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 12 av 17
I pilhytta kan Ingrid Marie Dale slappa av etter at dagens hagearbeid er unnagjort.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
I pilhytta kan Ingrid Marie Dale slappa av etter at dagens hagearbeid er unnagjort. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 13 av 17
24-ingrid marie dale hage 19
Bilde 14 av 17
Ingrid Marie Dale har ein eigen avdeling til små rhododendronplanter som ventar på å bli planta ut.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ingrid Marie Dale har ein eigen avdeling til små rhododendronplanter som ventar på å bli planta ut. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 15 av 17
Grus er brukt som dekke rundt bed.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Grus er brukt som dekke rundt bed. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 16 av 17
Fuglane har rikeleg med hus å velja mellom.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Fuglane har rikeleg med hus å velja mellom. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 17 av 17

Hageglede året rundt

Etter 30 år som lidenskapeleg hageentusiast har Ingrid Marie Dale (66) frå Nedre Vats skapt ein frodig hage der det spirer og gror nesten heile året rundt. Den kyndige hagedama har alltid nye hageprosjekt på gang og nå har ho kasta sine auge på rhododendron og magnolia.

— Eg samlar på mange ulike typar planter og eg har over 50 ulike typer rhododendron. Nå har meldt meg inn i rhododendronklubben, seier Ingrid Marie Dale og viser rundt i den vakre hagen heime i Nedre Vats der dei fargerike vekstane står i full flor.

Og som om ikkje fleire ti-tals rhododendronplanter var nok så har ho sikra seg ytterlegare fleire sorter til samlinga si. Dei inngår i eit prosjekt i regi av rhododendronklubben der målet er å finna ut kor dei ulike sortane trivst best.

— Nå har eg fått nye rhododendron-planter for å testa ut korleis dei klarar seg og korleis dei veks. Eg skal registrera fakta, seier ho.

Magnolia

I tillegg til rhododendron testar ho ut ulike typar magnolia, også dette i regi av rhododendronklubben. Den velduftande vårblomstrande busken har alt fått godt fotfeste i den frodige hagen, og med sju ulike sorter er ho på god veg til å få seg ein flott samling.

Den hageglade dama veit å ta vare på alt som veks, enten det er ein vakker magnoliabusk eller ein liten sommarblom, og då ny terrasse skulle byggjast der ein magnolia hadde slått rot fann ho ei løysing som var til glede både for planta og eigaren.

— Me skar hol i terrassen for å få plass til magnoliaen, seier den tidlegare leiaren i Vindafjord hagelag.

Helsebot

Ingrid Marie Dale kosar seg med hagearbeidet og kan ikkje tenkja seg ein betre hobby. Det er ikkje få timar den aktive dama spanderer i hagen sin, og for kvart spatak ho tek eller kvart lass med grus ho trillar ut haustar ho både glede og helsebot som løn for strevet.

— Eg jobbar i hagen kvar dag når eg er heime. Hagearbeidet er mi helseforsikring, seier ho.

Til saman har ho rundt fem mål med ferdig opparbeidd hage å ta seg av, og når ho ikkje jaktar ugras, gjødslar eller planlegg nye hageprosjekt tek ho seg ein tur inn i drivhuset. Her dyrkar ho fram grønsaker, sommarblomar og andre vekstar som skal få seg ein plass i sola når sommaren bankar på døra for fullt.

— Eg sår alt i drivhuset, seier Dale.

Fantasifulle hageidear

Ingrid Marie har alltid eitt hageprosjekt eller to på gang, og det skortar ikkje på arbeidsvilje når ho går i gang med nye oppgåver. Etter mange år med planlegging og hardt arbeid kan ho i dag gleda seg over ein uvanleg flott og blomstrande hage med eit svært personleg preg. Hagerommet er inndelt i ulike soner. Ein stor dam med vassliljer har fått plass like ved inngangen til huset, og frå den vesle bekken like ved kan ein høyra lyden av sildrande vatn. I den romantiske hagen står blomane på rekkje og rad, og i den gamle jernsenga, som har fått heidersplass i hagen, har rosebuskane fått ei næringsrik seng å liggja på.

Pil kan brukast til mykje og i hagen til Dale finn ein både gjerde, portalar og ei lita lun hytte laga av den velvillige planta i vierfamilien. Ein eigen avdeling for grønsaker og eit hønsehus har det også blitt plass til, og på eit lite platå med god utsikt over hagen og vatnet nedanfor har Dale og mannen  Roar Breivik bygd ei flott utestove med badestamp og stor platting.

Fargerike fuglekassar gjev husly for flygande gjester og for å vera sikker på at ein ikkje går seg vill når ein ruslar rundt i hagen er små skilt sett opp for å visa veg. Føler ein seg litt pjusk ein dag kan ein rusla seg ein tur langs bedringens veg og har ei ekstra god tid kan leggja turen til omvegen. Og i slutten av hagen viser eit skilt at ein er ved vegs ende.

Stell

Både buskar og blomar krev stell for å veksa seg sunne og friske. Når nye planter skal i jorda får dei seg ein skikkeleg dose kukompost rundt røtene, og når dei har slått skikkeleg rot får dei påfyll av næring.

— Alt nytt blir planta i kukompost og seinare hiv eg på heilgjødsel og kompost, seier ho.

Med ein fleire mål stor hage skulle ein tru at det var rikeleg å halda styr på, men for den hageglade dama i Koltveitvegen er det framleis fleire prosjekt som står på ønskjelista. Og kanskje kan det gje plass til enda fleire rhododendronplanter og magnoliabuskar.

— Eg har planar om å utvida litt til, seier Dale og smiler lurt.