Ongelsvatnet
Arkivfoto: Linda Tjelmeland
Ongelsvatnet Arkivfoto: Linda Tjelmeland

Blir vindmøller i fjellet det neste?

Eg trur at folk som arbeidar i kraftselskap har ein ting felles: Hat til norsk urørt natur? Kvar ein liten dam skal byggjast ut. Elles ser det ut som om dei les Grannar. Der kan dei som gidde, lesa om manglande interesse for miljø og natur i dei to bygdene. Sunnhordland Kraftlag har nyleg hatt informasjonsmøte for grunneigarar i Vindafjord og Etne. Tru om SKL  har vore på synfaring, eller har dei berre sett på kartet? Dei kallar det eit forprosjekt der dei planlegg å demma opp Lysevatnet, Forevatnet og Ongelsvatnet? Dei skal hjelpa på kraftproduksjon i flaumperiodar?

Eg trur at folk som arbeidar i kraftselskap har ein ting felles: Hat til norsk urørt natur

Forstår eg Grannar rett ser ikkje grunneigarar noko ulempe. Derimot er det éin som er engsteleg for laksen?  Grunneigarar har bygd veg på fjellet og spela ut sine kort, dei bryr seg lite om urørt natur. Dei folkevalde i Etne og Vindafjord har allereie sagt ja og takk til Eiffeltårn (rett nok litt mindre) over fjellet og ser sikkert fram til nokre «Judaspengar» i framtida.  Ingen bryr seg om nedbygging av dei viktige myrene i landskapet?  Dei tar vare på flaumvatn, dei gjev vern for fuglar og insekt, og har et mangfald av plantar og blomar.

Alle dei tre vatna SKL vil bygge ned er omkransa av myrar, har dei tenkt på kva skade ei neddemning kan gjera?  Pytt, pytt, her blir det arbeid for Ølen og Etne betong og ordførarane i dei to kommunane kan slå seg for brystet: «Sjå kva me fekk te.»

Veg fram til Lysevatnet og straum i kommunekassa, (les pengar).

Arne Boland