Til hausten blir elevane på mellomsteget på Bjoa skule flytta til Vågen skule. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Bjoa skule har eit kostnadsanslag på 9,67 millionar i vedlikehald innan ti år. Nå foreslår kommunedirektøren å legge den ned. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen

Kva er best for kven?

Vedtaket om å flytte elevane i 5.-7. trinn ved Bjoa skule til Vågen er rystande!

Det er gjeldande vedtak om å oppretthalde skular i alle bygdene i Vindafjord, likevel tillèt øvste tillitsvalde i kommunen (ordføraren) at dette blir gjort.

I kommunestyremøtet 18.juni svara ordføraren på ein interpellasjon at

Ordføraren svara på ein interpellasjon i kommunestyremøtet 18.06.24 at det pr. 14.juni mangla personell i 11 lærarstillingar og at det mangla 3 pedagogar i barnehagane og at det blei arbeidd med å fylla desse stillingane. Det blei vidare opplyst at det er tilsett heile 8 lærarar utan godkjent utdanning. I den nye opplæringslova som trer i kraft 01.08.24 er det slått fast at  kommunen skal sørge for rett og nødvendig kompetanse i skulen. På spørsmål om kva kommunen sin status og strategi er for å imøtekomme lovkravet, svara ordføraren at det er vanskeleg å fastslå kva den faktiske statusen vert ved oppstart av skuleåret, men at det ikkje er tvil om at kommunen står i ein vanskeleg situasjon.

Elin Arianson.
FOTO: PRIVAT

Vidare uttala ordføraren at «Viss me ved oppstart av skuleåret fortsatt står med ledige stillingar, så vil vi vurdere å flytte kompetanse mellom einingane, eller flytte elevar mellom einingane, heile eller deler av tida. Dette for å oppfylle krava i Opplæringslova.» Ordføraren orienterte vidare om at den nye Opplæringslova også opnar for mellombels tilsetjing av kandidatar utan godkjent utdanning.

Den ledige lærarstillinga på Bjoa skule hadde siste søknadsfrist 26.06.24. Då hadde stillinga vor lyst ut 4 gonger og det var ikkje mogeleg å tilsetje kvalifisert lærar.

Plutseleg blir det då bestemt at det beste vil vera å flytte elevane i 5.-7. klasse frå Bjoa til Vågen for skuleåret 24/25.

Ehh…var det ikkje ved oppstart av skuleåret ein skulle vurdere slike flyttingar? Og skulle ikkje flyttingane like godt vera flytting og deling av kompetanse mellom skulane?

Vedtaket om å flytte elevane frå Bjoa til Vågen er slik eg ser det rett og slett respektlaust overfor elevar, lærarar og føresette som er involverte. Eg skal ikkje liste opp alle ulempene denne flyttinga inneber. Dei er nok velkjende. Elevane er dei svakaste i denne samanhengen. Det er dei som protesterer minst. Det er lettare å sende elevane av garde i staden for å syte for at dei får sin del av lærarkompetansen på sin skule.

Igjen er det elevane som skal ta belastninga. Elevane skal sendast som pakkepostar til neste skule. Og det i ei tid då me har eit gyldig kommunestyrevedtak på at me skal ha skular i alle krinsane. Ganske snedig å «berre» flytta mellomtrinnet då. For ein har jo ikkje lagt ned skulen… Nei ikkje enda. Men kven trur på at det frå skuleåret 25/26 blir ei tilbakeflytting av elevane frå Vågen til Bjoa? Og på det tidspunktet har elevane vent seg til ein annan skule med andre medelevar og vaksne rundt seg. Då er det kanskje ikkje like rett å setje nye frimerke på elevane og senda dei med posten tilbake til Bjoa. Og utan mellomtrinnet får småskulen eit magrare læringsmiljø. Så neste steg er vel å flytta dei til Vågen og?

Nei. Slik kan me ikkje ha det. Realiteten er at Bjoa har eit skuleanlegg med dei mest fantastisk uteareal som ein kan tenka seg. Nærleiken til sjø, skog og fjell byr i tillegg på rike mogelegheiter for å la elevane gjera erfaringar og få opplevingar i naturen som er servert rett utanfor døra. Dette er ressursar som får lite merksemd. I ei tid med stor bekymring for skjermbruk, netthets og mobbing vil eg påstå at bruk av naturressursar i undervisningssamanheng opnar for andre perspektiv på læring. Sjølvsagt er det viktig å ha kvalifisert personell til å leda elevane gjennom skulekvardagen.

Det er ikkje uvanleg at ein ved skuleslutt til sommarferien står med ubesette stillingar. Mang ein rektor og lærarteam har lagt timeplanar for det neste skuleåret med både x-ar og y-ar i ubesette stillingar. Men ein har alltid funne løysingar i løpet av sommaren. Det er dei seinare åra blitt ei mykje større utfordring å få dette til. Me veit at det manglar lærarar og at det dessverre er dårleg søknad til lærarutdanninga. Men ein kan ikkje gi opp å prøve straks etter skuleferien er starta! Dessutan finst det mellombelse løysingar som ved å tilsetje ein lærar utan godkjent utdanning.

Det er opplyst at det er tilsett lærarar utan godkjent utdanning i 8 stillingar i kommunen. Det er sjølvsagt at målet må vera å få godkjent personell i alle stillingane. Eg trur likevel at elevane på Bjoa ville klara seg greitt gjennom eit skuleår med ein motivert lærar utan godkjent utdanning. Dersom ein kunne tilsetje ein person som er motivert for oppgåva og så gi denne rettleiing trur eg det ville gå heit fint. Det er dessutan billegare å lønna ein ufaglært, så då kan ein jo bruka dei kronene ein sparar på lønn til å gi rettleiing til den ufaglærte.

Det er framleis mogeleg å snu ! Brett opp ermene og set inn arbeid på høggir for å skaffe nok personell til å halde fram med alle tilhøyrande elevane på Bjoa skule til hausten. Vis at det fint lojalitet i høve til gjeldande vedtak om skula i alle dei 9 bygdene. Vis initiativ i høve til å utvikle heile kommunen. Prognosane om færre elevar i framtida er tydleg. Så la oss ta best mogleg vare på dei me har slik at også andre kan få augene opp for dei flotte ressursane me har i heile Vindafjord og at fleire av våre eigne får mot til å busetje seg i heimkommunen når dei veks til.

Utbjoa 04.07.2024

Elin Arianson