Magne Andresen,
Ansvarleg konsesjon, rammevilkår og myndigheitskontakt i SKL
Magne Andresen, Ansvarleg konsesjon, rammevilkår og myndigheitskontakt i SKL

Meir energi frå Rødne kraftverk

Ja, SKL ser på moglegheitene for å auke produksjonen av fornybar kraft ved Rødne kraftverk ved å utnytte flaumvatnet betre enn i dag. Å hente meir energi frå eksisterande kraftverk er av dei beste måtane å auke energiproduksjonen med låge negative konsekvensar for natur og miljø. Kva for konsekvensar det er snakk om i denne saka kan me ikkje svare på ennå, ei heller kva tiltak det eventuelt blir søkt om. Det skuldast at me er heilt i startfasen, som byrjar med å snakka med grunneigarane for å få deira tilbakemeldingar. I juni inviterte SKL grunneigarane til eit første møte, der me informerte om moglege løysingar for å auke produksjonen i Rødne kraftverk. Grunneigarane lytta og kom med spørsmål og innspel om ulike problemstillingar dei var opptatt av, mellom anna forhold knytt til inngrep og natur.

Neste steg er at ein går meir detaljert inn i moglege løysingar, og utgreier konsekvensane for myr, flora, fauna, friluftsliv og andre relevante forhold. Så blir eventuell søknad med forslag til teknisk løysing og konsekvensutgreiing sendt på open høyring, der alle har høve til å komme med sine kommentarar og innspel. Ut frå tilbakemeldingane i høyringa kan forslaget bli justert før det går til handsaming hos dei nasjonale energimyndigheitene. Før dei ser på saka arrangerer dei ei synfaring som er open for alle. Det er eit høve for dei som skal ta avgjerda til både å sjå området og til å få direkte tilbakemeldingar før dei gjer sine avvegingar mellom fornybar kraftproduksjon og naturinngrep.

Dette er altså ein prosess som tar tid, og han startar ikkje med at ein har alle svara. Han startar med spørsmålet «kan ein auke energiproduksjonen av fornybar kraft, med akseptable konsekvensar for natur og miljø»? Og det svaret finn me saman – grunneigarar, eksterne fagutreiarar, innbyggarane i Vindafjord og Etne, og nasjonale energi- og miljømyndigheiter.

Magne Andresen

Ansvarleg konsesjon, rammevilkår og myndigheitskontakt i SKL